Det heile starta i 1983 - Finnmarksløpet.  Den gongen var Roger Dahl, min gode ven og tidlegare kollega, med på oppstarten.  Sjølv var eg med som vakt og overnatta for første gong i ein lavo ved Mollisjok på Finnmarksvidda.  I dag er Finnmarksløpet verdens nordligaste hundeløp og Europas lengste.  Omsetninga er på over fem millionar kroner. Og no, etter at NRK 1 sender frå løpet kvar kveld, har Roger Dahl, Robert Sørli, Ralph Johannesen og alle dei andre deltakarane, nærast blitt allemannseige.

061
Roger Dahl, har delteke i Finnmarksløpet heile 25 gonger og vert gjerne kalla Mr. Finnmarksløpet.

064b
Tispa "Cilla" har vore leiarhund for spannet til Roger fleire gonger.  Sist sommar fortalde Roger at ho var leiarhundkandidat til årets Finnmarksløp.

Roger Dahl er no 59 år og har blitt pensjonist, men sjølv om han ikkje lenger er politimann ligg han altså ikkje på latsida.  I sommar lova han at han skulle satse for fullt på årets løp.  I skrivande stund ser det ut til  at han held den lovnaden.  Han har starta på tilbaketuren til Alta og nærmar seg Varangerbotn og leiar med over to timar på Ralph Johannesen.  Sjekk resultatlista.

Sidan Roger har vore i leiinga lenge, har vi også sett han mykje på TV.  Det har vi også gjort fordi han opplevde ein hundekøyrar sitt store mareritt - han misste hundespannet sitt ute på Finnmarksvidda.  Vi såg også at han kom nedover ein bratt bakke med hundesleden velta over på sida.  Sjekk på Finnmarkslopet.no

Som sagt - Roger har prøvd det meste når det gjeld Finnmarksløpet.  I løpet av dei første åra starta han også med eit rein Schæferhundspann.  Eg trur ikkje han kom til mål.  No er han ein respektert hundespannkøyrar og mange vil kjøpe hundar/kvelpar av han.  Dette er igjen med på å sikre økonomien hans slik at Roger kan delta i dette og fleire andre hundeløp kvart år.

060b
Ikkje gamle karen, men snart er også denne hunden/kvelpen klar for å delta på Finnmarksløpet.

Underteikna er usikker på om Roger er den største favoritten til å vinne Finnmarkslpet i år, men eg legg ikkje skjul på at eg også denne gongen håpar på at det er han som igjen dreg det lengste strået.  Sørlie og Johannessen seier rett nok at Roger har tapt sigeren mot slutten før, men det er vel lov til å håpe på at Tanaelva ikkje vert for lang for Roger og hundespannet hans?

Les også i Altapsoten.no om Finnmarksløpet.

På etappen mellom Varangerbotn og Sirma døde i dag ein av hundane til Roger Dahl.  Klikk her.

Sjå dei flotte fotoa.  Klikk her.

 

Vi har fått tilsent foto frå starten på Finnmarksløpet frå Odd Leknes, som er i Alta

Roger Dahl ved start Roger Dahl ved start 2

Den populære og vinnarkandidat, Roger Dahl frå Alta, legg i veg i Finnmarksløpet 12.mars. Her vert han ynkst lukke til av publikum. Foto Odd Leknes