No kan dei store fiskebåtane, sikkert også dei som i desse tider skal håve inn store mengder  sild, greie seg godt på fiskebankane, t.d. utanfor Runde, sjølv om det bles ein del.  Problemet er berre at sild som vert teken i uvêr gjerne får dårleg matkvalitet.  - Og dårleg kvalitet på silda, det vil vi ikkje ha, seier dagens to fiskarar i småbåthamna på Sæbø, Arnljot Frøland og Jostein Koppen. For ordens skuld syner Arnljot fram av sild av høgste kvalitet.

028b
Arnljot Frøland syner fram ei aldeles fersk hjørundfjordsild av høgste kvalitet.

Nei, vêret - dårleg eller godt - skaper slett ikkje problem for sildefiskarane på Sæbø.  Dei slepp også å kvide seg til den lange reisa ut til fiskebankane.  Og ikkje berre det; dei slepp også å bruke  båt. Det gode sildefisket går kort og godt føre seg i den nye småbåthamna på Sæbø.  Dei finn seg berre ein ledig uteliggar til flyttebrygga, legg så garnet over denne uteliggaren og festar det slik at garnet ikkje kjem ned til botnen - heller ikkje på fjøre sjø. Det er sild dei vil ha, ikkje krabbe og sjøstjerner.

Om dei får fisk? I går morgon drog Arnljot og Jostein 60-70 sildar, i dag vart det berre 20 på Arnljot, men det overraska han slett ikkje. - Klårver i natt, det burde ha vore snøbyger, seier mannen som har rekefiske som leveveg.  - Snøbyger og fullmåne gjev det beste sildefiske, legg han til.

002b 008b
Så skal garna opp, Jostein Koppen - herren i grøn jakke, slår fast at det er sild i garna denne morgonen også.

016b
Så må Arnljot plukke silda ut av garnet.  Han treff baljen på kvart kast.

027b 021b
Så går den siste fisken i baljen for denne gongen.

Det vart "berre" 20 sildar i dag - og to seiar.  Sei?  Dette er for upresist for Jostein.  Han tar eit raskt blikk ned i baljen:  - Dette er ein kylvingsei og ein rispingsei, slåt han fast.  Arnljot nikkar samtykkanden.

No er det ikkje berre desse to karane som har fiska i småbåthamna i det siste.  Det var visst Ole Flatnes som starta, så har fleire kome etter, men no tek visst marknaden til å bli metta.  Sure oppstøyt p.g.a. mange sildemiddagar har forekome så mange har no også hengt opp sild til tørk.  Andre igjen vil ha berre lettørka sild.  Boknasild er gode saker, men pass på å lufte godt under kokinga.  Det er i alle fall rådet frå Jostein.

Men garnet må ut igjen.  Arnljot tek til å bli kald på nevane og tek på ullvottane.  Først vert garnet greidd, så sett ut igjen.  I morgon er det ny sild i garnet - garantert.

031b 033b
Først greiing av garnet, så vert det sett ut att.  I morgon er det meir sild i garnet, garantert sjølv om det ikkje er fullmåne før den 18. februar.

Det er altså sildegarn som vert brukt til dette fisket i småbåthamna, dvs. at det har 22 omfar. Og kva vil det seie?  Arnljot har svaret på det også.  - At eit garn er på 22 omfar vil seie at det går 22 maskar på eitt alen (0,6275 m), slår han fast.  Så set han baljen med sild inn i bilen.  No er det tid for prekavering.

Eit foto av nokre tilskodarar til slutt.

024b
Måse og skarv på betonglekteren ved Sagafjord Hotell.  Dei får nok dei nye eigarane av hotellet med på kjøpet.