Alle prestar er no tilsett som sokneprestar i Søre Sunnmøre prosti, men prestane har særskilt ansvar for kvar sine sokn.

Rolf Dyrhol er sokneprest i Søre Sunnmøre prosti, med særskilt ansvar for Hjørundfjord og Storfjord sokn.

Denne nye ordninga betyr at prosten kan bruke prestane over heile prostiet.

Prostiet er delt inn i samarbeidsområder. Ørsta og Volda er eit slikt samarbeidsområde og i praksis kan alle prestane veksle på å ha gudsteneste i dei åtte kyrkjene i desse to kommunane. Det vert likevel lagt vekt på at kyrkjelydane skal oppleve å ha sin faste prest.

Dei tre prestane i Ørsta kommune har kvar sine tenesteveker. I desse tenestevekene gjennomfører presten alle gravferder og vigsler i dei fire kyrkjene i kommunen.  Kvar prest har slik tenesteveke kvar tredje veke.

Tidlegare hadde soknepresten kontor i bankbygget på Sæbø, men no deler han og kyrkejlydsekretæren kontorfellesskap med dei andre tilsette på kyrkjekontoret i Ørsta.

Soknepresten er til stades på Sæbø kvar torsdag kl. 13.00 - 15.00 for den som ønskjer å treffe han der. Det er laga til eit lite kontor i dåpssakrestiet i kyrkja.

Kontaktinformasjon:

Ørsta kyrkjekontor:

Adresse:
Ørsta kyrkjekontor
Vikegata 5
6150 Ørsta 

Telefon: 700 48640/ Fax:700 48641

E-post: postmottak@orsta.kyrkja.no

Heimeside: www.ikyrkja.no


Rolf Låge Dyrhol, Tlf. 918 73 920
Sokneprest Hj.fjord. rodyrhol@online.no


Eldbjørg Tvergrov, Tlf:915 32 852
Sekretær Hj.fjord. eldbjorg.tvergrov@orsta.kyrkja.no

 

Gudrun Thokle, Tlf. 411 07 007
Diakon gudrun.thokle@orsta.kyrkja.no

Knut Stave, Tlf. 942 94 290
Diakon. knut.stave@orsta.kyrkja.no