Sæbø skule

Open dag – m/kafé

 

Torsdag 24. februar

inviterer 1.-7.kl alle som vil i bygda til Open dag m/kafé på Sæbø skule i gymsalen.

Kafeen opnar  kl. 12.00

Utstilling av elevarbeid.

I samband med prosjektet viser elevane og fortel litt frå arbeidet sitt (kl. 12.45)

Loddsal

Sal av kaffi , sveler, vafler og skuffekaker.

Overskotet går til ein skule, St. Michaels Educational Center, i Mathareslummen i Kenya.

 

 

Kva går dette prosjektet ut på:
Barnesteget ved Sæbø skule jobbar i desse dagar med eit prosjekt der ein skal lære meir om andre kulturar/land der borna har heilt andre levekår enn vi har. Vidare kunne vere med å bidra litt, slik at andre born kan få litt hjelp i ein vanskeleg kvardag. Viser også til at det i 2011 er Nansen-år med bl.a. fokus på Nansen sitt humanitære arbeid for flyktningar.

 

Vi har sett fokus på Afrika og landet Kenya. Elevane lærer om landet og folket ved å:

  • høyre forteljingar , lese , skrive og teikne om landet Kenya
  • høyre eventyr frå Afrika
  • sjå film
  • lære songar på swahili
  • lære dansar
  • få besøk frå Kenya som kan fortelje om Kenya

 

I denne samanhengen har vi også samarbeid med Matharevenner, ein hjelpeorganisasjon for born og unge i Mathareslummen , i Nairobi i Kenya.

Målfrid Halse, busett i Follestaddalen, er initiativtakar til Matharevenner.  Det heile er drive på frivillig basis som sikrar at alle midlar gjeng uavkorta til Mathare. Til dette solidaritetsarbeidet er det overskotet av kafeen og loddsalet vårt skal gå til. Du kan lese meir ved å gå inn på nettsida deira: http://matharevenner.no/