Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Alle foto:  Knut Hustad

La det vere sagt med ein gong; i sørsidene av fjella her i Bondalen varmar sola godt, men nedrenslene der er enno ikkje dei beste p.g.a. tidlegare vind, sol som varmar snøen, men som frys til skorpe om natta.  Finn du derimot fram til ei austside, ja, då...

I desse dagar er det nedrenslene/nedkøyringane som er det viktige.  Har du då eit par skitrekk til disposisjon så er mykje gjort, i alle høve om du skal på Blåfjellet (namnet Blåtinden er også brukt), nabofjellet til Verhaldet i aust. Søndag var junior/Jakob og eg slett ikkje åleine på veg opp på fjellet frå Trollbotnen, men det var austsida av fjellet/den komande turen ned til Villane i Bondalen, som frista.

004b
Trass i 10 - 15 kalde minusgrader natt til søndag var det reine påskesteminga i solsida av Blåfjellet.  Klikkar du på fotoet kjenner du kanskje igjen t.d. Terje Stokke på biletet.

Like etter starten frå Trollbotnen, under nokre fjellhammarar, er det eit sidebratt område som brukar å vere problematisk.  Det er hardt underlag som brukar å vere problemet.  Søndag var det heldigvis ikkje verre enn at vi kunne gå med skia på føtene heile vegen opp.

009c
Det er kort og godt flott i fjellet for tida.  Her har Jakob lagt det brattaste partiet bak seg. Saudehornet og Vassdalstinden i bakgrunnen er vel kjende tindar?

Etter ei triveleg pause på toppen - eller skal vi seie det høgste punktet? - av Blåfjellet, var det på tide å  starte turen ned til Villane. Dei fleste av oss valde den meir vanlege ruta ned Lønndalen, men Jakob og eg (og - det var vel mest eg) ville prøve om det var mogleg å renne ned ei litt anna rute - ei rute litt nordaust for den flotte varden.

012b
Dette bør vere eit kjent motiv for alle bondalingar.  Den store og flotte varden framme på kanten (men ikkje på det høgste punktet av Blåfjellet), var kledd i vinterdrakt.

Jakob har etter kvart fleire vinterfjellturar bak seg, men han har ikkje alltid vore så heldig med føret.  Det som gjerne vert kalla pudderføre har han ikkje fått så mykje av.  Eg var difor litt spent då vi kom fram på kanten.  Var det kanskje berre is på starten av det bratte toppartiet?  Kva med skredfare?

Det skulle vise seg å bli ein kjempetur nedover - både for dei som rann ned Lønndalen og oss to som rann ned eit parti lenger nord.  Sjå foto under.

004b
Klikkar du på fotoet ser du skispor ned Lønndalen(t.v.) og dei to skispora etter Jakob og meg(til høgre på fotoet).  Fotoet er tatt måndag morgon.  Renn du ned dette området på ettermiddagen, ligg området i skugge.

Dette området på austsida av Blåfjellet er ikkje berre passa på av Lønndalsmannen, det er også kupert noko som gjer det ekstra morosamt å renne på ski her.  Når det i tillegg var laussnø heilt ned - ned frå toppen, ned gjennom det slakare midtpartiet og til slutt ned gjennom skogen, ja, då kunne ikkje skidagen verte betre.

Etter ein "high-five" omtrent halv-veges ned, konkluderte Jakob slik: - Dritfint.  Det betyr visst grome saker.  Eg legg ved nokre foto.

017 - Kopi 019 (2)
Ein nervøs far ser at det er bratt i starten for Jakob, men det viser seg å gå fint nedover.  Han blir så borte, men få sekund seinare dukkar han opp...

028b 039b
... på det flatare partiet lenger nede, men det er ingen grunn til å gje seg no - foto t.h.

042b
Men no er det på tide med ein liten pause.  Skiløparen ser du i enden av sporet.  Er det forresten nokon som veit kva dyr som har laga spora i høgre biletkant?

Men enno er ikkje skituren over.  Eit par foto til høyrer med.

044b 049b

058b
Måtte vi få fleire dagar som dette.

Takk for turen.

Det var mange andre som var på tur andre stadar på Sunnmøre i helga.  Kan vi få nokre førerapport-kommentarar under? E-postar til meg etter forrige helg tyder på at kommentarane vart sett pris på av fleire.  Vi har enno to-tre dagar att med finevêr.

Det var ikkje så mange centimetrane med nysnø, men dei som var komne - sikkert natt til sist måndag - gjorde ekstra godt for skiføret.  Vi opplevde altså at austsida av fjellet var svært fin (men meldingar tyder på at sørsidene ikkje er så bra) Men kva med sørvende dalar som Skondalen ovanfor Rise? Kva med nordsidene av fjella?  Kom gjerne med kommentarar.

Til slutt - eg står gjerne i fare for å kaste stein i glashus, men ver obs. på evt. skredfare.  Alt for mange har vorte tekne av skred denne vinteren.