Sidan etter krigen, har det vore god tradisjon for folk å møte på Sæbø for å sjå teikningar av bygdefolk som hadde gjort små og store "slysner" i året som har gått. Det har enkelte tider vore ei belastning for teiknarane og tekstforfattarane i ettertid, etter offentleggjeringa på nyttårskvelden, så derfor har det vore meir eller mindre ein løyndom kven som sit i denne nemnda.

I år er det litt friare sidan det har vore medioppslag i forkant, at Alexsander Riise Olsen er ein god teiknar i god arv etter bestefar sin, Bjarne Riise. Er det Alexsander som er hovudkunstnaren bak årets plakatar, så må vi berre ta av hatten for hans talent. Det har vore ein imponerande kvalitet i alle år og ofte har folk lurt på kvifor desse teiknarane berre viser fram sin kunstnerferdiheiter på Nyttårskvelden?

IMGP9816_1 IMGP9818_1

Folk hadde trassa det dårlege véret med sludd og regn for å sjå kaihusveggen sin lokale "gapestokk". Ja det er nok eit uttrykk som passar, men med positivt forteikn. Dei aller fleste som vert teikna set stor pris på å kome på plakatane og mange rekna seg litt meir annerkjente etter dei har fått eit tur på veggen.

 

IMGP9817_1

Plakatane innheld i år store og små hendingar. Rett fram ser vi ein profilert Aafk fans på Sæbø, som fekk helikopter-tur til ein kamp i Ålesund sist sommar. Ellers er det frykt for at den nye presten vår, skal begynne å setje frå seg gamle bilar på prestegarden, som bla. opptek teiknaren dette året.

IMGP9823_1
IMGP9819_1

Portalen overlet til lesarane sjølve og forstå veggens bodskap, men to profilerte og pensjonerte sjøfolk på Sæbø, fekk beskjed frå plakatnemnda at dei må berre akseptere at Sæbø har ein høgt rangert kvinneleg sjøoffiser.

IMGP9831_1

Då er det berre å sjå og forstå sjølve kva som er innhaldet i plakatane. Hjørundfjordportalens kjempa i år for å få fri sikt til fotografering då folk klamra seg inntil veggenfor å kome i ly for det trasige veret. Kl. 01 var det ikkje mange att og dette er svært unormalt, men forståeleg.

Men ein god samaritan, Annemone Strandmann, gledde oss i det kalde véret med varm gløgg som vi sette stror pris på.

Vi håpar på betre vér neste år, og ynskjer alle våre brukarar og lesarar av www.hjorundfjord.no eit Godt Nyttår!