Vi trur at det var 28 ungar med på skirenn i dag, og ca halvparten med vaksne. Løypa var nytrakka og det var super dupert fint føre. Elisabeth som hadde fått lov å låne Normann sine ny ski hadde både godt feste og god gli, så her hadde smøraren truffe godt med skismurninga.
026
Bilete frå startområde, nokre er klar til start medan andre held på å gjere seg klar.

027
Her er Gaute i full fart ut frå start med nye ski. Trur han gjekk ekstra fort på dei.

030
Og når ein kom i mål var det varm saft til ungane og kaffi/te til dei vaksne.

Etter målgang gjekk ungane i slalombakken og rann seg. Nokre på rumperesarar og andre på ski, dei fekk god fart og litt knall og fall vart det. Plutseleg vart vi obs på eit dyr som kom frå skogen og inn i traseèn, vi diskuterte litt fram og tilbake om kva dyr det var og konkluderte med at det måtte vere ein rev.

Limer inn informasjon som eg la ut tidlegare ang. skirenn. Så til alle dokke som ikkje var med i dag, fortvil ikkkje, det er fleire moglegheiter.

SKIRENN PÅ BONDALSEIDET, TELENOR KARUSELLEN

Også i år skal Barneidretten arrangere 6 skirenn for barn (og foreldre) på Bondalseidet. Vi møtast kvar mandag frå og med mandag 10. januar til 14. februar i tidsrommet mellom kl. 18.30 og 20.00. Målgruppe er alle barn i Sæbø barnehage/ skulekrets som ynskjer å gå på ski, inga nedre eller øvre aldersgrense, men borna må gå på ski.

I start/ mål området vert det utdeling av startnummer og saft. Det er ikkje tidtaking og heller ikkje krav om kor langt ein skal gå. Det viktigaste er at ein kjem seg ut på ski og har det kjekt i lag. Mandag er ”kviledag” på Bondalseidet, det er ikkje anna aktivitet så vi har parkering og løype stort sett for oss sjølve. Det vert difor ikkje trakka løype på mandagar, så dersom stort snøfall på ein mandag kan vi risikere litt dårlege løyper. Men det hindrar ikkje oss!!

 

Siste skirenn vert mandag 14. februar, det vert då premieutdeling i målområdet.

For å få premie må det betalast inn ein deltakarkontigent på kr. 150,- pr pers til kontonr. 3993.40.00386 innan 31.januar 2010. Betalinga må merkast med namn til den/ dei som skal ha premie. Pokalar vert bestilt etter desse innbetalingane.

Det vert lik pokal til alle uavhengig av kor mange gongar ein deltek, men vi håpar at flest mogleg vil delta på alle 6 renna. Alle vil også få ein premie frå Telenor