IMG_8459

Her har eg nådd Andes-reisa sitt hovumål, saltørkenen Salinas Grandes.

Reisebrev frå Argentina, del 3:

Salt, Andes og fargespel

Altiplano er ei av verda sine største høgfjellssletter. Det er noko ein drøymer om åvitje. Det å oppleve at det å kome dit er større enn draumen,er ikkje noko mindre enn mektig. No skal vi opp i 4.000 meters høgde.

Når ein reiser til Argentina i oktober,og vil vitje Andesfjella, har ein to val. Ein kan reise til Mendoza eller innsjødistriktet, og sjå snødekte fjell, og kanskje vere med på slutten av alpinsesongen, eller ein kan reise nord til Salta- og Jujuy-distriktet, der det er varmt, tørt og berre ørken. Artikkelforfattaren valde det siste.

 IMG_8379

Landskapet på veg opp mot Andesfjella er goldt og aude. Av og til kom ein over slike bønestasjonar. Her vert det lagt att mat og vin til "Mor jord".

Naturopplevingar

Men det var ikkje berre tørt og ørken. Det nordvestre Argentina er så full i naturopplevingar at ein mest ikkje kan få nok.

 Utgangspunktet for synfaringa var byen Salta. Byen har kring ein halv million innbyggjarar, og er ein attraksjon i seg sjølv. Er ein interessert i arkitektur, vil ein sjå at byen er ein av dei best bevarte for spansk kolonistil. Likevel, det er ikkje arkitekturen som lokkar mest, men at byen er startpunktet for ei gransking av Andesfjella og områda i kring.

Som einsleg reisande til det av mange vert oppfatta som ein utpost i verda, har ein i realiteten to val for å utforske terrenget. Det er å leige seg bil, eller kjøpe seg turar. Eit tredje alternativ er å haike, men det har artikkelforfattaren vakse ifrå.

 IMG_8418

Landsbyen San Antonio de Los Cobres ligg på 3.800 moh, og er ein gruvelandsby.

Dagsturar

Difor var valet eigentleg enkelt, det vart kjøp av dagsturar. Den første turen gjekk til hovudmålet: saltørkenen Salinas Grandes. Medan Salta ligg på 1.100 moh., ligg Salinas Grandes på 3.500 moh. Saltørkenen ligg på Altiplano-sletta, som strekkjer seg frå Peru i nord, via Bolivia, og langt inn i Argentina.

Salinas Grandes er ikkje den største saltørkenen i verda, og heller ikkje på Altiplano. I Bolivia er det saltørkenar som er langt vidare og sikkert meir imponerande. Men det å vitje ein saltørken på ca. 8.300 km² lokka i seg sjølv.

 IMG_8426

På Altiplanosletta beitar det ville lamaer.

Kokablad

Før turen var det åtvaringar. Det å stige 3.000 høgdemeter på nokre få timar er ei utfordring. Svaret frå sjåføren var kokablad. Dette er råstoffet til kokain mellom anna, og i provinsane Salta og Jujuy er kokablad fritt omsetjeleg. Det andre alternativet var å drikke masse vatn undervegs.

Vi var fire i bilen i tillegg til sjåføren. Tre av oss var frå Vest-Europa. Sjåføren tygde kokablad i eitt sett, medan vi tre som var veloppdregne turistar frå Vest-Europa for syns skuld tygde eit par blad, men elles heldt oss til vatn. Det gjekk bra for oss, og det gjekk også bra for sjåføren, sjølv om han vart ganske lystig og pratsam etter kvart.

Det ein merkar når ein stig så raskt i høgdemeter er at ein kan verte svimmel og trøytt. Då er vatnet viktig for å halde væskebalansen i kroppen og for at blodet skal få tilgang på oksygen.

 IMG_8464

Her vert det vunne ut salt i Salinas Grandes. Vatnet fordampar, og kvit salt ligg att.

Fargespegel

Turen frå Salta til Salinas Grandes følgjer mykje togruta til ”Toget til skyene”. Det er eit turisttog som går ein gong i veka. Vanlege kommersielle togliner til Salta frå Buenos Aires, og frå Salta til Bolivia og Chile er nedlagde, men turistruta ein gong i veka er oppretthalden.

På veg mot høgdene openberra det seg eit terreng ein knapt trudde var mogleg. Ein ting var golde landskap med kaktus og knapt det, men fargespegelen i fjella kom som ei overrasking. Dette fargespelet skulle ein sjå meir til etter kvart.

Etter fleire stopp undervegs, kalla fotostopp av sjåføren, men som også var akklimatiseringsstopp for å ta til seg høgda, kom følgjet til byen San Antonio de los Cobres. Dette er ein gruveby som ligg i Andesfjella på nær 3.800 moh. Det er enno gruvedrift i byen, men aktiviteten er på langt nær så høg som då jarnbana gjekk med godstog. Byen, på storleik med Ørsta sentrum i innbyggjartal, vert for avsides.

IMG_8450 

Her ser ein saltdungane liggje klare for å verte henta. Bak skimtar ein Andes-fjella.

Ei openberring

 

Frå San Antonio de los Cobres gjekk turen tilbake og ut på Altiplano-sletta, og etter nokre timar openberra saltørkenen seg. Det var så kvitt, så lyst og så flatt, at det knapt var til å tru. Salinas Grandes på om lag 3.500 moh svara til forventingane. Det var tilsynelatande ei endelaus slette, og langt i bakgrunnen kunne ein sjå Andesfjella.

 

Sjølvsagt vert salt drive ut kommersielt frå eit slikt råstoff. Då utnyttar ein at saltørkenen oftast er det lågaste punktet på ei slik høgslette. Det vil seie at under overflata er det vatn. Då vert det grave rektangulære hol, der det etter kvart kjem vatn inn. Sola hjelper på, og gjer at vatnet fordampar, og kvitt salt vert liggjande att. Likevel var den kokapåverka sjåføren ærleg nok til å vedgå at havsalt nok er reinare ….

Då turen over den tilsynelatande uendelege saltsletta var over, trudde artikkelforfattaren at meir kunne ikkje opplevast på denne turen. Så feil kunne ein ta.

 IMG_8475

Eit lite skrytebilete. Her er eg på reisa sitt høgaste punkt. 4.170 moh.

Verdsarv

Turen gjekk fyrst over fjellpasset mot aust på 4.170 moh, ei oppleving i seg sjølv. For ein utrena kropp var det å hive etter lufta. Det som deretter kom for ein dag, var ei stor overrasking. Det var eit fjell- og ørkenlandskap med eit fargespel som må vere unikt. Og jau då, det er korrekt. Det var Quebrada de Humahuaca, ein dal og ei rute som viser både ein overdådig natur, og som fortel om indianske reiseruter mellom låglandet i Argentina og høglandet i Bolivia. I 2003 vart det peika ut til eit verdsarvområde av Unesco. På line med Iguazu og med Geiranger og Norddal for den saks skuld. Det å få oppleve denne dalen gav eit mektig inntrykk, og ein stopp i landsbyen Purmamarca, trass i turisttrykket, fortalde at ein no var i eit indiansk område.

IMG_8486

Landsbyen Purmamarca i dalen Quebrada de Humahuaca. Dette er ein indiansk landsby. Legg merke til fargane i fjella i bakgrunnen, der det lagvis er kalkhaldeige, koparhaldeige og jarnhaldige mineral.

Mikroklima

 

Den andre dagen i Salta var sett av til vintur til Cafayete, nokre mil sørover. Salta er omringa av ørken, men har det ekspertane kallar eit mikroklima. Det vil seie at området er subtropisk, og med eit planteliv som er sjeldan for denne type område. I grenseområdet mellom det subtropiske området og ørkenen, er det ei lita temperert klimasone, altså som i Frankrike og Italia.

IMG_8570IMG_8598

Cafayete er eit vindistrikt, og mellom anna har den eksklusive Nanni-vingarden tilhald her. Nanni-vin får ein berre kjøpt i Salta-regionen. Det er synd.

Her ligg Cafayete, og det har dermed vorte eit vindistrikt. Likevel, det skulle verte lite vin, og meir natur. For dalen mellom Salta og Cafayete, Quebrada de Cafayete kom også som ei stor overrasking. Ein skulle tru nokon hadde måla fjella i raudt, grønt og kvitt. Slik var det ikkje, men det handlar om heilt spesielle geologiske hende, der ein lagvis har fått t.d. jarnhaldige, kalkhaldige og koparhaldige mineral. Det gjer at ein lagvis ser grønt, raudt og kvitt. Jarnet dominerer, slik at det meste er raudt.

IMG_8542

 Inne i jettegryta med namnet Anfiteatro. For fleire tusen år sidan sytte flaumvatn for å lage denne formasjonen.

Folklore

Utmatta etter to dagar med veldige inntrykk var ein klar over at det var avreise om morgonen neste dag til nye reisemål. Likevel, ein er ikkje i Salta utan å få med seg Pena, namnet på lokale klubbar og restaurantar med matservering og folklore. Sjølvsagt er det turistifisert. Men kvifor gå ut av rolla som turist og vere noko anna enn kva ein eigentleg er.

Den lokale Pena-en var grei nok med biff, Cafayete-vin og ein kombinasjon av indiansk og gaucho-folklore. Eit poeng når ein skal på ein Pena er at ein må vere klar over at det kan verte seint. Argentinarar, og spesielt i områda utanfor storbyen Buenos Aires, likar å ete middag seint. For ein nordmann kan det vere seint å gå ut til middag kl. 20.00. I Salta var borda knapt dekt til på dette tidspunktet. Det er ikkje uvanleg at måltida startar så seint som 22.30.

Når ein først var komen til bords, var det berre å nyte maten og musikken, og også tenkje over inntrykka salt, ørken, kaktus og fargespelet hadde gjeve ein.

 

Rune Sæbønes