Tidlegare redaktør i Møre-Nytt, Skjalg Longva, har bladd gjennom gamle årgangar av Møre-Nytt og funne eit skattkammer. Så langt har han registrert over seks hundre artiklar som vart skrivne spesielt for avisa sine julenummer. I denne boka har han samla eit utval av artiklane. Tjuetre forfattarar er representerte og boka spenner over ein periode på nesten tretti år. Det viktigaste kriteriet for utvalet er at artiklane skal vere godt lesestoff.

Blant forfattarane er Ruth-Karny Sæbønes, Arnold Hustad, Arill Riise, Knut Hustad og Torbjørn Urke. Ruth-Karny fortel om kultursjokket ho opplevde første gong ho kom til Sæbø. Arnold fortel om vesle Ingeborg som forsvann på Risestøylen. Arill fortel om onkel Jørgen (Hustadnes) i Oslo. Knut fortel om då Jens-kvernhus på Aklestad brann ned. Torbjørn var med Bruno Hame heim til Tyskland og fortel om Hame og denne turen.

Leselyst 2
To friske karar:  Forlagssjef Einar Grimstad(t.v.) i Spor Forlag og bokredaktør Skjalg Longva

Skjalg Longva vart tilsett i Møre-Nytt i 1978 og fekk frå starten eit visst ansvar for juleartiklane. Ansvaret auka etter kvart. Og det slutta aldri å imponere kor stor innsats forfattarane la i arbeidet.

Heilt frå starten stod det såleis klart at mange av artiklane fortente ein betre lagnad enn å døy med døgeret. Heldigvis har nokre allereie funne vegen inn mellom stive permar. Ei rask oppteljing fortel at minst sju av artikkelforfattarane har gjeve ut eigne samlingar.

Men det ligg framleis mange spaltemeter og støvar ned i arkivhyllene. Ein del er for spesielt interesserte. Anna hausta nok mest fagnad i samtida. Men mykje har tidlaust preg. Med denne boka er litt av dette lesestoffet gjort tilgjengeleg på nytt.

Blant forfattarane som er registrerte i den aktuelle perioden, er nesten femti kvinner. Det er ikkje så ille. Men dei leverte til saman berre kring ti prosent av den samla tekstmassen.

For avisa representerer julenummera ein meirkostnad. Det er aldri sjølvsagt at eit avishus aksepterer slike kostnader. Det tener utgjevarane til ære at dei let tradisjonen få utvikle seg.

 

Skjalg Longva og Spor Forlag