247 (2)
Om kvelden står Karlsvogna der ho skal stå på denne tida av året - over Grøtdalstindane

Litt før klokka sju om morgonen går eg i fjøsen.  Då er det som oftast svært så kaldt og månen har lyst sterkt der han stsår ein eller annan stad på himmelen.  Likevel ser eg noko lyssterke greier på stjernehimmelen inne i Kvistaddalen, dvs. i sør, sør-aust.  Lyset er nær horisonten.  I mitt stille sinn har eg nok tenkt at dette må vere ein planet, menn er det nokon som kan kome med opplysningar?

Men ikkje berre det;  i ni-tida om kvelden ser eg noko anna lyssterkt på himmelen.  Dette lyset er på denne tida også i sør, men noko meir over mot vest.  Er dette også ein planet, eller kva er det for noko?  Dette burde eg sjølvsagt vite, men portalen veit vel svaret?

249 (2)
Kva er dette lyssterke punktet på sør, sør-vesthimmelen i 21-tida om kvelden?