Når eg er ferdig i fjøsen om morgonen kastar eg som oftast eit blikk bort på Grøtdalstinden.  Eg tenkjer ikkje over kva det er eg ser etter, men kanskje er det eit skispor, eller kan det vere eit vêrteikn?  Fotoa under er tekne på same dag - sist fredag (17.12.10)

001b
Kjøleg, men vakker morgonstemning.  Dette er altså Grøtdalstinden - den søre. Foto teke klokka 0915

012b
Same fjellet, sett frå Hustadbrua.  Men her ser du også den midtre og den nordre av Grøtdalstindane. Foto teke klokka 1032

020 027b
Det er ikkje så mange timane at sola er oppe.  Fotoet til høgre er teke klokka 1450.

Men det var først på fredag at eg vart klar over at det var ei lysfontene bak Jakta.

006b
Fjellet Jakta med lysfontena bak.

010b
Frostrøyken ligg over Hjørundfjorden, men endene i nedre biletkant ser ut til å greie seg godt - sikkert takka vere hamnefogd Thomas Hustad  som matar dei dagleg.

Fotoet under skulle ha vore vist på film.  Ut på etterdiddagen oppdaga eg frå huset her at det ikkje var ei lysfontene, men ei vindpumpe bak Kollen (Kvistad-/Moakollen) og Storhornet.  Nabo Asbjørn Moe kunne opplyse at det var sørvesten som gjorde seg gjeldane.  Same kva - snøen kom fykande i store mengder over det nettopp Kollen.  Torsdag føremiddag kom det svært mykje snø.  Fredag gjorde vinden tydelegvis sitt for å fjerne han.

023 (2)
Ikkje skodde, men snø er det som kjem fykande over Kollen.

Så er klokka 1614 og månen slår fast at den korte dagen er over.  Her kliv han opp over Storehornet.

035b
Den blå timen er her allereie.  Den korte dagen går over til natt.

Fotoa under er teke frå huset vårt dagen før.

001 (2) 005
Sola har enno ikkje kome fram men ho syner likevel att på himmelen og fjella.  Klokka er 0934 og 0938

Og så må vi ha med ein quiz.  Fotoet under er dagsferskt.  Veit du kvar skikøyraren er akkurat her?

043b
Kvar er denne skikøyraren akkurat på dette tidspunktet?