Nokre av Hjørundfjordingane og Bondalingane, var også ute då bilen passerte. På sitt vis skapte dei litt meir liv i bileta. Blant anna var det tilfelle for karane som held på med veden ute på Stavset.

Her er både bilete frå sein vinter og sommar alt etter kvar langs fjorden dei er, av og til kombinasjon av både sommar og vinterbilder.

På Standalseidet er fleire oppe i fjella på skitur den vårdagen bilen passerer. TV-Sunnmøre sin bil står ute ved fonnoverbygget på Årsneset - sikkert ein reporter på tur til Randers? Nesten ute på Stigane passerer Google-bilen ein lastebil med grus.

Forhausting både på Rekkedal og Tryset er med på sommarbilda -  det vesle vi har fått kika på det bilen har passert i Bondalen. På Sæbø står det folk på kaia som kanskje kjenner seg sjølv igjen? Bilen har vore heilt ut på Sæbøneset.

Då bilen var på Lekneset på vårparten var det folketomt, men på sommarbila er det fergekø og folk på kaia. Ein syklist er på veg mot ferga.

På veg via Volda til Bjørke kan ein sjå frå byggearbeidet med Kvisvegen i vår. Ned Skjåstaddalen er det ein og annen bil som vert passert. Det er lite folk å sjå, men det er tydelegvis dagen for grøn søppeldunk. Nede på sjølve Bjørke er det folk attmed nokre av husa. Vegen er open heilt til Viddal. Dette er før tunnelen opna, så her får ein sjå frå anleggsarbeidet.

Bilnummer på bilar som vert passert er sladda. Stort sett er det ikkje råd å sjå kven folk som ein passerer er, då også desse er sladda.

Sjå sjølv på kartløysinga til Google - skriv inn aktuelt stadnamn eller gateadresse.

Ein treng ikkje installere Google Earth for å nytte tenesta. Når ein surfar rundt på google maps står det ein liten gul fyr ved zoomeverktyet til venstre og han kan du drage og sleppe ned til gater og vegar der googlebilen har køyrt.

Sjå også

Tidlegare artikkel har omtale at bilen har vore innom.  | Om sjølve bilen har NRK Møre og Romsdal ein artikkel.