Eg vedgår det så gjerne - det er noko surt å pakke sekken og setje seg inn i ein kald bil 1. juledag morgon for å ta seg ein skitur, men som vanleg angrar korkje turkameratane Ronny Haugen og Vegard Flø, eller eg på turen etterpå...

058 (2) 060
1. juledag var toppturdag for Vegard Flø(t.v.) og Ronny Haugen.  Her på veg mot Keipen.

063b 066b
Så er vi endeleg oppe i sola.  Ho er ikkje akkurat påtrengande sterkt, men like vakker for det.

081b
Keipen er ikkje den høgste toppen, men likevel høg nok til at sola skin her året rundt.  Under ligg ein kald Hjørundfjord.

075
Det er svært viktig med klesbyte når temperaturen er 12-15 minus.  Vegard Flø nærast.

Så er det berre å gje på nedatt til ein god middag og påfølgjande lur.(?)

086
Treng vel ikkje seie noko her?

085 (2) 089 (2)
På dei tre fotoa over ser vi telemarkkøyrar Vegard Flø.  Og under er det...

108
... telemarkkøyrar Ronny Haugen som peiser forbi.

Det er ikkje så mykje meir å seie.  Det vart ein fantastisk dag med nærast optimale forhold.  Det vart mykje både hopp, sprett og anna skikøyring vidare ned heile Lissjedalen, men Lysforholda gjorde fotograferinga lite gode.

 

Takk for turen.

P.s.:  På utsette fjellryggar kan underlaget vere svært hardt sjølv om det er eit ca. 10 cm nysnølag over.  På slike stadar er det noko ubehageleg å gå og utglidingsfaren kan vere tilstades er det bratt nok.

d.s.