Reisebrev frå Argentina, del 1:

Iguazu – vått, vilt og vakkert

IMG_8119

Her er artikkelforfattaren ute på elva, og på veg under fossane med båt. Det var ei hemningslaus oppleving.

 

Du ser det, høyrer det og kjenner det når du nærmar deg. Det fyk opp skodde, det buldrar og det vert fuktig. Når du er forbi den siste skogen, og ser det openberre seg, vert du berre slått til bakken. Iguazufossane på grensa mellom Argentina og Brasil er noko av det mektigaste som er på denne planeten.

 

Ikkje er det dei høgaste fossane i verda. Langt derifrå. Tyssefossen på Bjørke har langt større fall. Ikkje er det fossane med mest vatn. Niagara på grensa mellom USA og Canada har meir vatn. Victoriafalla på grensa mellom Zambia og Zimbabwe kan ein sjå mykje meir av på ein gong.

016

Her er Djevelkjeften, det største fossefallet, sett frå lufta.

 

Verdsarv

Men summen, opp til nitti meter vassfall, i ei lengd på 2.700 meter, og med enorme mengder vatn, gjer Iguazu til kanskje det mest mektige vassfallet i verda. Sjølvsagt er fossane på verdsarvlista, og dei er ein avdei største attraksjonane  i Argentina og Sør-Amerika.

 

Iguazu er ei grenseelv mellom Brasil og Argentina, i det nordaustre hjørnet av Argentina. To mil etter vassfalla, renn elva saman med den større Parana-elva. Ei forkasting har gjeve vassfalla. Forkastinga er forma som to hesteskor, og mesteparten av vassfalla ligg i Argentina.

IMG_8047

Det er enorme mengder vatn som veltar utfor stupa. Biletet er teke frå den brasilianske sida. Det er der ein får oversikta.

 

Opplevingar

Som turist er det berre å oppleve når ein kjem til Iguazu. Sjølv valde eg å bu på den argentinske sida. Som den sunnmøringen eg er, fann eg overnatting og mat noko rimelegare der. Dessutan, det er på den argentinske sida opplevingane er.

 

Synfaringa starta likevel på den brasilianske sida. For ein nordmann er det heilt greitt å kome over til Brasil. Eit enkelt stempel i passet, utan søknad om visum, og ein er i Brasil.

 

Brasil

Poenget med å starte i Brasil er å få oversikta. Dei fleste vassfalla er på den argentinske sida, og då gjev utsynet frå Brasil best oversikt over fossane.

 

Eg var ikkje heilt sunnmøring, og tinga plass i eit helikopter. For kring 500 kroner vart det ein timinutts tur over vassfalla. Det gav eit heilt spesielt overblikk over vedundret.

 IMG_8086

På den brasilianske sida er det ein føremon med plastikk rundt kroppen. Det er mykje fossesprut.

Inne i nasjonalparken var det å ta bussen eit lite stykkje, før det var å spasere i om lag to kilometer langs elva. Då fekk ein eit flott overblikk over fossane, og høgdepunktet var å rusle inn i Djevelkjeften, den største fossen. Overalt på veg inn mot dette området vert ein tilboden å kjøpe seg eit plastikkovertrekk. Gjer kjøpet, for elles vert ein klissblaut. Når ein kjem mot utsiktspunktet mot Djevelkjeften fyk det fossesprut over ein.

 

Likevel, det var ingenting å rekne mot det ein får oppleve på den argentinske sida.

 

Argentina

Dag to av synfaringa vart fullt og heilt konsentrert om den argentinske sida. Og det er der opplevingane er. For ein dag det vart. Når ein kjem til nasjonalparken vil ein oppleve å få fleire tilbod. Ein kan kjøpe aktivitetar, eller ein kan for ein svært billeg penge gå rundt om i området, og som eit minimum bruke det såkalla økotoget. Det er ikkje meir øko enn at det går på diesel, og er eit motsvar til opplegget på den brasilianske sida med bussar.

 

Artikkelforfattaren tenkte at dette vil eg oppleve berre ein gong i livet, og brukte pengar. Det vil seie nærmare fem hundre kroner.

 

Under fossane

Det medførte kjøp av båttur under fossane, og for ei oppleving. For ein tur. Botnpunktet vart høgdepunktet. Då følgjet kom til båtane, var det beskjed om å pakke alt som ein ynskte å ha turt i ein sekk. Eg skjøna at eg ikkje hadde lest boka godt nok på førehand. Der folk hadde badety under, hadde eg ingenting. Det var berre å hive av seg shortsen, og gå i underbroka om bord.

 

Den første delen av turen var gjennom stryka. Det vart heftig nok, og meir heftig skulle det verte. I eit roleg strok rett før fossane var det høve til fotografering, før det vart beskjed om å gøyme fotoapparat i den vasstette plastsekken. No skulle vi under fossane.

IMG_8126

Her er båtfølgjet på veg under fossane.

 

Heftig

Det vart noko av det mest heftige eg nokon gong har opplevd. Vatnet trykte på, og ein vart klissblaut på ein tidel. Det hylte og det buldra, båten verka ustabil. Men du verda, kor løye det var. Folk i alle aldrar var som born igjen. Tre gonger vart seansen gjenteken, og like heftig var det kvar gong.

 

Vel på land var det å hive av seg underbroka i unisex-området, og ta på seg shortsen og t-skjorta.

 

Ennostod både jungelen og utsyn over fossane att, pluss ein padletur nedover elva på oppsida av fossane. Jungelturen er fascinerande. Apekattar og andre dyr viste seg fram. Og ikkje minst fuglar og sommarfuglar.

 IMG_8163IMG_8229

Det er eit rikt dyreliv i Iguazu. Til venstre ein apekatt, og til høgre ein kaiman, den søramerikanske krokodilla.

Subtropisk regnskog

Iguazu er ein såkalla subtropisk regnskog. Det vil seie at det ikkje nødvendigvis er regn kvar einaste dag som i ein tropisk regnskog, men at det regnar svært ofte. Då artikkelforfattaren var i området, var det regn ein føremiddag, elles skiftande skydekke og opplett. Det fuktige vêret gjev uansett eit svært frodig område, og der det er vatn, der likar dei fleste dyreartar seg.

 

Ein heilt naudsynt tur på den argentinske sida, er å sjå Djevelkjeften ovanfrå. Det er bygt gangbruer på pålar heilt ut til der fossefallet startar. Det er mange turistar som tek denne turen, og dermed vert ein gåande i kø.

 

Likevel, ein gløymer fort at ein ikkje er åleine når ein kjem heilt ut, bokstaveleg tala, på kanten av stupet.

IMG_8190

På kanten av stupet. Her veltar vassmassane seg utover kanten på Djevelkjeften.

 

Bulder og brak

 

Det som møter ein er bulder og brak, og vatn i dei fleste former (ikkje is) på alle kantar. Det er så veldig at ein knapt trur det. Inntrykket var så overveldande at det berre var å stå på utkikspunktet i fleire minutt, berre for å nyte.

 

I mellomtida gjekk dei hastigaste turistane raskt forbi. Dei om det. Elles vart det også her tilbode plastfrakkar. Men lat vere. Det å stå ovanfor fossane gav berre ein mild dusj, og det var ingen grunn til å frykte altfor våte klede.

 

Då stod det att ei oppleving på synfaringa, og det var flåtetur på elva ovanfor vassfalla. No er det mindre dramatisk enn kva det var på 1920- talet. Då var det om å gjere å kome nærmast fossane utan å verte med over kanten. Diverre feila fleire, og det vart slutt på desse turane.

024

Her er artikkelforfattaren ved kanten av stupet på Djevelkjeften. Noko av det mest fascinerande var lyden. Han var høg.

 

På flåte

Flåteturen no går langs elvekanten mest mogleg vekk frå vassfalla. Då er det ikkje fossane som er opplevinga, men dyre- og fuglelivet. Med eitt dukka det opp ein kaiman på elvebreidda. Det er ein krokodilleart. Han er på langt nær like stor som nilkrokodillene eller dei australske saltvasskrokodillene, men eit to meter langt krypdyr med ein solid kjeft er likevel noko ein må halde avstand frå.

 

Nedover elva vart det fleire opplevingar. Fuglar ein ikkje har sett før, orkidear i naturlege omgjevnader og faktisk laks dukka opp.

 

Dette vart Iguazu for artikkelforfattaren. Då tidsskjemaet var knapt, vart det ikkje ein tredje dag. Han burde i så fall vorte nytta til vandring i den delen av nasjonalparken som berre er jungel, og ikkje fossar. Der er det tapir (det tredje største landdyret i verda) og jaguar. Sistnemnde er det likevel få som får auge på.

 

Openberring

Iguazu er ei openberring. Slike mengder vatn er det få plassar på kloden ein kan oppleve.

 

Rune Sæbønes

IMG_8038

Iguazu er mektig. Det er nesten tre kilometer med fossefall.