Tradisjon tru er det avslutningsfest siste fredagen i november, og som vanleg så er det pizza og diskotek.
Avslutningsfesten er ei markering på avslutta trenings sesong. 5. klassingane vert takka av og 1. klassingane vert ønskt velkomne.
Her er Monika, Madeleine, Maria, Julie, Ingalena, Daniel, Steinar, Fredrik og Kristian med sine statuettar. Tusen takk for mange kjekke treningar på Barneidretten.
Her er Hanne, Ingrid, Synne, Sander, Eirik og Aslak. Barneidretten takkar også dei for mange kjekke treningar og gler oss til å sjå dei att på trening i 2011.
Her er gjenge frå 3. klasse; Andreas, Johan, Markus, Sølve, Matias, Tor Eivind, Jo- Martin, Bjørn Ove, Thea Karin og Karoline.
Og frå 2. klasse var det Rugile, Kristianne, Johan, Ida, Vegard, Joakim, Vetle, Nikolai og Gaute som var tilstades på avslutningsfest og premieutdeling.
Beklagelegvis så er her ikkje bilete av 1. klassingane, og det er fordi fotografen(eg) svikta.
Her er 4 av dei 6 kjekke ungdomane som er med som trenarar for Barneidretten. Dei får utbetalt trenarhonorar for jobben, men vi ville likavel gi dei ei lita påskjønning her på festen. Dermed fekk dei seg kvar sin adventskalendar. På bilete er Olai, Eivind, Henrik og Glenn. Elen og Emilie har også vore med som trenarar men var ikkje tilstades på festen.
Dei vaksne trenarane, Jetmund, Jon- Åge, Øyvind, Odd- Rune og Siw, fekk kvar si flott juleplante som takk for godt utført jobb. Og sidan fotograf og forfattar er ein av trenarane vart det ikkje noko bilete av oss.
Som De ser så var det fullt hus på klubbhuset i kveld.
Tusen takk til alle ungane som har vore med på trening, til alle trenarane som har gjort ein kjempe innsats, til alle foreldre som har stilt opp på dugnadsarbeid og som ivrige supportera. Vi har hatt ein super sesong med mange gode opplevingar.
Vil også nytte moglegheita til å skryte litt av oss som sitt i styret til Barneidretten, synst at vi har gjort ein god jobb dette året og fått til mykje god aktivitet. Nokre går ut av styret ved nytt år så dersom det er nokre som kjenner at dei har lyst til å vere med å styre Barneidretten så er det berre å ta kontakt.
Tusen takk for all aktivitet i 2010. I januar er vi klar for ein ny sesong, som vil innebere både ski, svømming, fotball, sykkel og gymsaltrening.
Kommentarar