Med midlar frå Ørsta Næringskontor og fondet etter den Gamle aldersheimen har det vorte mogleg å starte arbeidet på å lage grøntområde og park nedom Hjørundfjordheimen

IMGP9357_1

Fv: Styrar Knut Åmås, Åge Osvoll, Arve Svoren, Jostein Koppen og Ansgar Kvistad

IMGP9358_1 IMGP9356_1

Arve Svoren, Knut Aamås, skjult bak Jostein Koppen og Åge Osvoll har full kontroll og vi reknar med at lysa vil stå på ei perfekt rekke når Tussa monterer og installerer dei.

Etter  at Ole Stokke Maskin og Arve Svoren har gjort annlegsarbeidet var det no klart for støyping av fundament til dei 11 av dei 12 lyspunkta som skal være langs vegen som går mellom Lisjeelva og hotellet. Vegen svingar også oppom Hjørundfjordheimen slik parken kan nyttast av bebuarane her. Vegen skal få asfalt, og skulle vi få det til, er det eit stort ynskje å få til kantstein, men då må her kome ein eller annan form for økonomisk støtte  utanfrå.

Bodil, Irene og Marit_1

Bodi Skare, Irene Osvoll og Marit O. Riise er HB sine kromtappar(for den som veit kva det betyr :-) Dei kallar inn til dugnad og lagar til mat og serverer med eit smil, så trivselen på dugnaden er på topp. I tillegg til dugnad arrangerer dei paralelt rampemarsj. Så her er damar som har to tankar i haudet samtidigt :-)

Hjørundfjord bygdemobilisering har ei arbeidsgruppe som arbeider med saka og når den mannlege delen av arbeidsgruppa går litt "daff", så tek den kvinnlege delen over og meir eller mindre ber folk møte opp på dugnad. Dette skjer sjølvsagt ikkje som ein ordre, men ein venleg henvendelse til passande fagfolk og som denne laurdagaen viser, møtte 11 karar opp i tillegg kom dei tre damene Bodil, Irene og Marit. Med eit smil og vennlegheit vart det servert mat og den menneskelege kjemien var på plass frå fyrste stund.

IMGP9350_1 IMGP9351_1

Etter finjustering og forskaling er komen på plass, er det tid for å sleppe inn på Hjørundfjordheimen til matykt. Alle tok lydigt av seg på beina, og det var litt morsomheiter om at bebuarane kom nok til å lure  på om det var eit nytt mannskap for helgavakta som kom inn. :-)

IMGP9355_1

Høgder og linjer er no på plass og mannskapet ventar på betong.

IMGP9353_1 IMGP9354_1
Og utstyr og betong er ikkje langt unna. Gunnar Stokke, Arne Gjerde og Håvard Aklestad tek siste sjekk om betongen er ferdig for levering.

Etter at lyspunkta no er komne på plass er arbeidet vidare å skaffe meir midlar til asfalt og evnt. kantstein. Her håpar vi det skal verte ein høg standard på ein Universiell park som er egna for bevegelsehemma og vert til glede for betjeninga på Hjørundfjordheimen, når dei skal ta med bebuarane på utflukt. Når vegen er komen på plass er det berre å jamne ut molda og såast og plantast, og dette skal være klart til Hjørundfjorddagane 2011 er målet!

Arbeidgruppa tek gjerne imot hjelp både av økonomisk og anna art. Korleis skal vi skaffe dei siste 150.000 kronene er noko som må jobbast vidare med fram over vinteren.

Kom gjerne med innspel om korleis vi i fellesskap kan få til denne parken. Har nokon ynskje om å gje gåver kan underteikna kontaktast.

 

Ivar Svein Mo - leiar Hjørundfjord Bygdemobilisering