Alle foto:  Fred Ingar Somby og Knut Hustad.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon

Erfaren klatrar er vel å ta litt sterkt i, men som nemnt mange gonger før eg har DNTs brekurs på Smørstabbreen i Jotunheimen som 19-åring.  Og så har eg sett klatrefilmen "Cliffhanger" frå 1993 opp til fleire gonger.  Ja, eg kan vel innrømme at eg også har hatt eit håp om å få overta hovudrolla etter Sylvester Stallone i "Cliffhanger II" - med bar overkropp under vinterklatring.  Men berre fem meter under toppen av fjellformasjonen Sylen, med slitne føter, tung kropp og for svake fingrar, innsåg eg at mi klatrekarriere var over for ho hadde starta.  Der og då bestemte eg meg for å slutte å dilte etter desse som veit kva klatring er for noko.

_IGP6893b
Få meter under toppen av Sylen bestemte underteikna seg for å avslutte klatrekarriera før ho hadde starta. Foto:  Fred Ingar Somby.

Auka interesse for klatring

Utan tvil har interessa for klatring auka dei siste åra - det merkar i alle høve dei som sel klatreutstyr.  Like sikkert er det at vi i vårt område, trass i ein viss anonymitet, har hatt dugande klatrarar i mange år.  Fleire meiner nok at klatring er å nærast leike med livet, men fleire redningsaksjonar har synt at gode klatrarar er gode å ha også for vanlege turgåarar. Og:  No er det heldigvis fleire enn klatraren Dagfinn Hovden som skriv om denne aktiviteten.

Sylen


422
Dei vakre og kjende fjella og fjellformasjonane Gluggen, Fingeren, Sylen og Kolåstinden sett frå Standalseidet.

Det er vakre og staselege toppar vi ser på fotoet over, men sjølve området likar eg absolutt best om vinteren.  Skituren frå Standalhytta til Fingeren er ein av klassikarane, men denne gongen var det Sylen det dreia seg om.  Klatring grad 4 stod det i boka "Fotturar på Sunnmøre", det same sa svigerson Fred Ingar (Somby) og la til: -Ingen problem for deg heller.

009b (2)  020b
Her er Fred Ingar på veg opp til standplassen og så er det klatring ei taulengde til topps - foto til høgre.  Vi gjekk opp frå nord/nordvest - det som vert kalla normalvegen.

012b_edited-1
Frå Sylen er det mykje rart å sjå for den som er lokalkjend.  Den store dalen er i alle høve Romedalen.

I den nemnde boka står det at ruta frå sør er finast, likevel sikkert meir utfordrande i all den dag at den ruta har grad 5.  Men sjølv om ruta vi gjekk, kalla normalvegen, berre har grad 4 så var der likevel slegne inn to bladboltar til sikringfeste.  Boltane var sikkert til god hjelp for han som sette sikringane, Fred Ingar, men for meg som kom etter var dei til lita hjelp.  Godt folk - klatring krev at ein er sterk og smidig, og det må trenast for å verte god.  Personleg mangla eg nok det meste av dette, men etter kvart kom eg meg opp - tørr i munnen av nervøsitet.  Litt stolt var eg nok likevel over at eg hadde sloppe å kare meg opp etter tauet.

024b (2) _IGP6894b
Luringen Fred Ingar har nok ein gong fått svigerfar til topps.  Sistnemnde har nok med å juble. (t.h.)

027b (2)
Toppen av Sylen med Kolåstinden bak.

Sylen har ikkje så stort toppområde, men likevel er dette området stort nok til å ha ei sprekke - ei sprekke som var stor nok til at eg greidde å misse telefonen ned i. Og sprekka var djup, men flaks gjorde at den vart liggande på ei lita hylla i sprekka og Fred Ingar hadde ei smal nok hand til å nå ned.  Dette var tydelegvis min dag likevel.

Ingen klatrar, nei, men eit par saftige rapellar likar eg og vips var vi nede igjen.

_IGP6902b 045b
Først underteikna(t.v.) så Fred Ingar.  I mi tid var det kroppsrappellar som galdt, men eg innser at taubrems er ei fin oppfinning.

Søre Blåtind - sørvestegga

Altså ingen fleire klatreturar på meg, men eg vedgår lett at eg, til liks med mange andre, har stått framfor sørvestegga til Søre Blåtind og tenkt mitt.  Og tida legar alle sår, heiter det visst.  Då eg fekk høyre at Ronny (Haugen) og Fred Ingar hadde planlagt ein klatretur opp denne klassikaren av ei egg sist måndag, tigga eg meg straks til å vere med - som fotograf.

002b
På med tørre og varme klede før start.  Det er altså sørvestegga vi ser rett imot.  Toppen av Søre Blåtind ligg lenger bak.

Dessverre kunne  Ronny likevel ikkje vere med  på denne turen og dermed vart underteikna si oppgåve noko oppgradert.  Grad 4 også på denne turen, men eg meiner at  turen opp sørvestegga var enklare enn turen til topps på Sylen.  Vêrmeldingane var gode, men det vart litt meir skyer - og etter kvart skodde - enn rekna med.  Likevel vart det kort og godt ein fantastisk tur og dag.  Friksjonen i fjellet var svært god og det var slett ikkje så kaldt som frykta.  Og sola hadde vi også med i lang tid.  Eg seier som min god venn Vegard Riise:  - Herliiii.  Lurer du på klatreruta?  Klikk her

006b DSC09325b
Skodda ligg delvis nede i dalane, men kva gjer vel det når sjef Fred Ingar har med Pizza til mat?  Underteikna knyter skoreimar.

Untitled_Panorama1_edited-1
Litt månelandskap, kanskje.  Kjøleg i starten, men etter kvart kom sola til oss også.

012b 018b
Så er Fred Ingar klar på standplass og straks er han i gang med klatringa

030
Utsikt frå sørvestegga.  Kalvedalen og Follestaddalen.  Saudehornet i bakgrunnen.

Tek eg ikkje heilt feil brukte vi fem taulengder opp.  Ikkje alle var like lange, men det vart i alle fall god trening.  Det er førstemann/føraren som set alle sikringar, mi oppgåve som nr. to, er å kome opp etter og ta med alle kilar/kamkilar.  Og det må eg seie (som heilt nøytral, sjølvsagt) - Fred Ingar har blitt svært flink etter kvart.  Eg har opplevd at ei sikring eller to har kome seglande ned etter tauet, men no er problemet for meg heller at eg må bruke mykje tid med kileløysaren/nøttepirkaren (ein reiskap for å løyse faste sikringar med) for å få kilane lause.

DSC09335b 033
Som nr. to er det underteikna si oppgåve å ta med alle sikringar oppover.  Klikkar du på fotoet til høgre ser du sjølvsagt Kolåstinden - og at breen har minka siste åra.  I tillegg ser du også Sylen, Fingeren og ikkje minst Gluggefjellet.

035b 042b
Til venstre:  Fred Ingar har klatra opp til det eine overhenget som er på ruta.  Til høgre ser vi han klatre forbi på utsida.

049b DSC09339b
Skodda nærmar seg, men no er vi straks oppe.  Fred Ingar klatrar siste rest av egga på foto til venstre.  Til høgre er underteikna snart oppe.

Frå toppen av sørvestegga og fram til toppen av Søre Blåtind er det eit stykke egg å gå.  Fred Ingar valde å sikre her også.  Sikkert klokt?

DSC09340b 054b
T.v. Så ligg sørvestegga også under underteikna.  T.h.: Fred Ingar ser litt lur ut her.  Er det egga bak fotografen han tenkjer på?

062b 084b
Til venstre:  Turen bortover egga til toppen har starta.  Til høgre:  Toppen er nådd.  Nordre Blåtind til venstre.  Men i mellom start og topp låg dette toppunktet på egga:

078b
Sikkert fornuftig å setje ei sikring på topp-
punktet, men eg tenkte mest på han som skulle
fjerne ho...

 091b 096
To nøgde herrar til venstre.  Fred Ingar var sjølvsagt ein tur bortom Nordre. Til høgre brødskrivene til ramnen - standard er ei med kjøtpålegg, ei med Fløtemysost frå meieriet i Ørsta.

Ingen rappell denne gongen - vi gjekk den "vanlege" vegen ned.

Takk for ein flott tur.

P.S.:  Er du interessert i klatring?  Vil du vite meir om Sunnmørsk klatreklubb, klatreklubben for Sunnmøre?  Klikk her.

d.s.