Først komande veke startar haustferien, men hausten har allereie våre her ei stund vil kanskje nokre seie. Det skikkelege haustveiret med storm og regn har likevel enno ikkje slått til for fullt, tvert i mot viste naturen seg frå si beste side i september og  inngangen til oktober.

Kva er så betre medisin enn å vandre i spreke fargar og puste klår fjelluft ein vakker haustdag? Under kjem ei rekkje utvalde bilete frå turar i seinsommar fram til fredag som var, rundt omkring Hjørundfjorden.

langnes(2)

Det har vore mange flotte dagar på slutten av sommaren, som her frå Langnestinden 1206 moh.

 

Stiligt!(2)

Saudehornet 1303 moh ein stille seinsommarskveld.

goldrush(2)

Kveldssola gir steinane ein gold farge på denne tida. Turgåaren er på veg mot Vesttoppen frå Saudehornet.

 

tindee(2)

Setra i Kvanndalen i fargeprakt. Lisje-tinden(t.v) og Storetinden bak.

 

Balanse

Hausten er no også ein slags "balanse" mellom sommar og vinter?


Håvard på toppen(2)

Flotte dagar! Toppen av Lisje-Tinden(Solskinnshatten) 1239 moh.


hoho(tup)(2)

Utsikta frå Vassdalstinden 1277 moh byr verkeleg på eit fargespel. I tillegg er ho vid!


sau(2)

"Beitepussarane" er vel på veg i hus no i desse tider?

 

Kalvedalen

Hausten er også kjend for stille og kjølige dagar. Her frå Kalvedalen, ved Standalseidet, mot Kolåstinden.

 

hoho,att(2)

Den fyrste "melisen" har lagt seg i dei høgste toppane. Vi ser Søre Blåtind 1288 moh frå Nordre Blåtind. Grøtdalstindane 1331 moh bak til venstre. Den grøne stripa er markane i Bondalen.

 

Ta turen ut du òg, før stormen tek til og regnet piskar i stoveveggen - Her er flust av moglegheiter for kvar og ein!

For fleire bilete sjå www.fjellfotografen.net