På framsida kan vi ikkje tillate annonsering. Her skal vi ha artiklar og nyhende.

Først litt om skilnaden på nyhende og artiklar. Mykje av svaret ligg i sjølve omgrepa, men berre for å poengtere litt: Nyhende-seksjonen skal vere for det som skjer rundt omkring, stort og smått. Det kan vere barnehagen som oppdagar nye ting i nærområdet, eller at snøen er komen. Når ein skriv nyhendene skal det vere hundre prosent faktabasert. I nyhendeseksjonen er det ikkje rom for eigne meiningar. Det skal kort og godt vere ei skildring av det som skjer og har skjedd. Eit tips er å bruke spørjeord når ein byggjer ei nyhende-sak. Bruk spørjeorda Kva, Kven, Kvar, Når, Korleis og Kvifor. Gjerne i nemnde rekkjefølgje.

I artikkel-seksjonen opnar vi for dei meir personlege innlegga. Her er det lov å ha meiningar, men hugs at pressa sine reglar for ver varsam også gjeld Hjørundfjordportalen. Det vil seie at meiner ein noko, skal ein stå inne for det. Men nyhende eller artiklar må ikkje innhalde påstandar om straffbare handlingar som ikkje er juridisk avklara. Eventuelt slikt innhald vert fjerna utan varsel.

Når det gjeld målbruken ser hjorundfjord.no helst at ein nyttar nynorsk. Vi er likevel ikkje verre på det at enn at dersom bokmål er målforma ein er vand med, så går det greitt. Når ein skriv nyhende og artiklar, skal det brukast normert språk. Det vil seie at SMS-språk og dialekt ikkje vert godteke. Det har samanheng med at språk handlar om kommunikasjon, og vi ynskjer å kommunisere med flest mogleg over heile landet. I kommentarane derimot, eller i gjesteboka, aksepterer vi dialektskriving, men ser likevel helst at ein brukar normert språk.

Ei stadig tilbakevendande problemstilling er føreåtomtalar, om det no er ein konsert, dans eller ein dugnad. Dette er i utgangspunktet nyhende.

Informasjon og annonsering er to forskjellige ting og eit telefonnummer i nyhende vil grense mot annonsering. Likevel, når ein legg inn føreåtomtalar – gjer det skikkeleg med å stille deg sjølv spørjeorda som er nemnt ovanfor i artikkelen.Ein god informasjon bør innhalde ei forteljing og gode bilete, for å ikkje gå over grensa til annonsering.

Ein fast plass å informere om aktivitetar her på Portalen, er Aktivitetskalendaren og i Forum. Her kan ein skrive og legge inn bileter som i ein artikkel eller nyhende og det er fritt til å bruke telefonnr. og å føreåtomtale slik ein ynskjer.


Men for all del, hjorundfjord.no har merkt seg ut som ein nettstad med ei brukargruppa med svært høg nettmoral. Dette er noko vi forsatt vil arbeide for at det skal være i framtida også.

 

Ivar Svein Mo - Administartor