026
Varde med påbygg

Klikkar du på fotoet over ser du det tydeleg - denne varden har fått eit påbygg. No er eg ingen byggingeniør, men eg meiner bestemt at vel halvvegs oppe på denne varden har ein eller annan utført eit påbygg.

Eg veit sjølvsagt ikkje om Ørsta kommune har fått nokon søknad om påbyggingsløyve, eller om Fylkeskonservatoren har vore inne i biletet, men forstsår eg denne konservatoren rett så er påbygget i hans ånd.  Det er lett å skilje mellom den eldre og den nyare varden.  Eg for min del lyt vedgå at eg likte underdelen best - altså den gamle varianten.  Men det er nok eit teikn på at eg ikkje veit kva eg snakkar om.

P.s.:  Er det nokon som veit kva for fjelltopp denne varden er plassert på?

027b

Varden på Hauahornet.  Vi ser også Videtjørn, Vatnevatnet, Rotevatnet
og Voldsfjorden

 Ved hjelp av den vidgjetne portalen hjorundfjord.no får vi greie på det meste. :)

Gunnar Stokke veit at denne varden på Hauahornet vart påbygd i 1995 - og ikkje berre det; han veit også kven som gjorde det.

Det var no avdøde Ole Ville, Villa-Ole, som gav påbyggjarane oppdraget.  Først på 90-talet ein gong hadde han frå stovevindauget på Villane oppdaga at varden på Hauahornet hadde blitt lågare.  Kanskje var det kraftig vind, kanskje var varden for dårleg bygd, men i alle høve at toppen av varden dotte ned.  Dette hadde altså Villa-Ole oppdaga og han syntest det var leitt.  Men om herren sjølv ikkje kunne gå til fjells lenger så hadde han i alle høve gode naboar.  Dei gode naboane sa ja til oppdraget med å byggje på at varden og sommaren 95 var dei klare.

Med i ekspedisjonen var Gunnar Stokke, Hilde og Jørn Ville og Henrik Ville.  No skulle varden få tilbake si opphavelege høgd.

Bilde 10004
Her ser vi tre av vardepåbyggjarane rett for arbeidet startar.  Frå venstre Hile Ville, Jørn Ville og Henrik Ville.  Hunden er Jørn sin og heitte Ego(?).  Foto:  Gunnar Stokke.

Gunnar fortel at dei gjekk opp Ådalen - dalen rett sør for Tryset - til Hauahornet, men han hugsar at dette slett ikkje var noko god rute.  Beste/enklaste vegen på Hauahornet meiner han truleg er å gå frå Kvistaddalen - om Årsethornet.  Kom gjerne med ein kommentar til dette under.

Elles hugsar Gunnar at oppdraget gjekk greitt føre seg.  Og Ole  Ville var godt nøgd med arbeidet som vart gjort.  Han meiner at varden hadde fått rett høgd igjen.

Bilde 10003
Her ser vi Gunnar Stokke midt på fotoet.  Enno er ikkje arbeidet gjort, men...

Bilde 10001
....her er oppdraget utført.  Vi abdre kan berre takke og bukke for det arbeidet som vart gjort.  Foto:  Gunnar Stokke.