” Enj´ obergele´ store to-liter”

To-liter

To to-literar

Stennes-Knut kunne målbinde både den eine og den andre med sine historier og frodige fantasi. Det var typisk for han å leite fram velformulerte uttrykk for å krydre historiene sine. Eg kan minnast ein gong han fortalde om eit bryllaup på Skår der det var rikeleg med heimelaga øl.

Alle veit at ein 2-liter er eit eksakt mål på eit stort sylteglas.  Men i  Stennes-Knut sitt språk vart det utlagt slik: 

 ” ..og inn kom hanj Jakop med enj obergele store 2-liter…! ”. 

Han sa ikkje at dei drakk av denne uhorveleg / umåteleg store 2-literen resten av kvelden, men når Knut fortalde, kunne du tru at 2-literen tok 20 liter!  Spør om vi lytta til det vi høyrde og det var mykje vi kunne få med oss i slike økter!

 (Frå Årsskrift nr. 25 – Hjørundfjord sogelag 2003: Per Urke: Oppvekst i etterkrigstida s. 123-124)

Øltønne

 

”Spiseplikt!”

Danseglade urkeungdommar skulle gjerne slå i hel ein laurdagskveld med å reise til Hellesylt eller i Honndalen på dans. Og på vegen vart det gjerne ein stopp for å legge grunnlaget for rette stemninga. På Union var det ofte slik at skjenkeretten av avgrensa til utanbygds gjester og då vart vi hjørundfjordingane diskriminerte.

Men lengst inne i Norangsdalen låg Fivelstadhaugen turiststasjon som alltid hadde skjenkerett.  Så var det å ta ein solid stopp der og ”fyre opp”. Det var då slik at ein måtte ete før ein fekk noko å drikke. ”Spiseplikt” - eit ukjent begrep no til dags  –  måtte oppfyllast før ein kunne få smake på det vi kom for. 

Ølglas

Men Ingolf visse råd! Problemet vart løyst med å sette seg ved det største, runde bordet og bestille ei karbonade og 20 flasker eksport på deling. Med det var spiseplikta innfridd og ”hensikten oppnådd”.

Deretter bar det vidare på dans for så å returnere ut i dei små timane eller tidleg om morgonen. Då var ein ikkje alltid så huga på fjelltur den søndagsmorgonen!

(Frå Årsskrift nr. 25 – Hjørundfjord sogelag : Per Urke: Oppvekst i etterkrigstida s. 130-31)