Det var sist torsdag/fredag at ferjemannskapet oppdaga svikt i grunnen ved ferjekaia på Sæbø. Svikten var såpass stor at eit busskur seig skeivt og måtte flyttast.  I tillegg byrja eit fundament til kaia å legge seg over, samt at det vart oppdaga sprekker.

010b
Grunnen ved ferjekaia sig ut på grunn av propellvatnet til ferja. Den kvite støtta/fundamentet til ferjekaia har lagt seg over p.g.a. sviktande grunn.

Det siste døgnet har Statens vegvesen stengt av det aktuelle området med sperreband og i dag vart ferjekaia, det som er under havoverflata, undersøkt av dykkar Olav Erik Hagen frå dykkarfirmaet O. E. Hagen AS i Stryn.  Og etter informasjon frå Hagen har no Statens vegvesen v/Oskar Einarson konkludert; ferjekaia vert ikkje stengt.  Einarsson tek likevel eitt atterhald.  Ferjekaia kan verte stengt på kort varsel dersom dei dårlege vêrmeldingane med svært myklje vind slår til.  Under slike dårlege vêrtilhøve vil ferje vere avhengig av å bruke mykje motorkraft ved kaia.  Slik motokraft kan føre til ytterlegare skade på kaia kai/fundamenta for å vert mellombels reparert.  Men denne stenginga vert i så fall berre kortvarig i påvente av at vinden skal løye.

022b
Etter informasjon frå dykkar Olav Erik Hagen (t.h.) konkluderer  Statens vegvesen v/Oskar Einarsson med at ferjekaia ikkje vert stengd for trafikk.

Til nettstaden hjorundfjord.no seier Einarsson at det allereie i morgon, torsdag, vert det pumpa ned 30 - 40 m3 betong for å stabelisere grunnen der fundamenta til kaia står.  - Så får vi håpe at ikkje ytterlegare skadar kjem til før ny ferjekai er på plass, legg han til. Og på direkte spørsmål svarar han at planen er at den nye ferjekaia på Sæbø skal vere på plass i august neste år.

004b 006b
T.v.: Dykkar Olav Erik Hagen vert klargjort før dykkinga.  T.h.:  Det er propellvatnet til ferja som gjer at den dårlege grunnen ved ferjakai vert vaska ut.