Hilde Marie Kjersem 0723

Hilde Marie Kjersem kjem i desse dagar ut med plate ilag med Jon Eberson Group. Til Sunnmørsposten fortel ho om tekstane på plata  ”Comfort Call” som ho har skrive sjølv, tekstane har ho jobba med over lang tid. Dei handlar om mykje om kjærleik og livet, kanskje gjenspeglar dei at ho nett har vore gjennom eit samlivsbrudd, i fylgje ho sjølv.

 I tillegg til musikarane frå Jon Eberson Group har ho med strykarar frå Kringkastingsorkesteret.

 Hilde Marie Kjersem hadde eigen konsert under Jazzfestivalen på Molde i år. Etter jul kjem ho ilag med Jon Eberson Group til Møre og Romsdal på turné.

Men fyrst skal Hilde Marie Kjersem holde konsert i Hjørundfjord kyrkje ilag med Ivar ”Gutte” Hovden på slagverk og dei andre musikarane til Einar Longvas Kvintett. På konserten der vil ho synge negrospirtuals, kjende svisker frå swingjazzen og salmar.

 

Gle dykk!

 

Billettar kan kjøpast i døra frå kl 16:00  Kr 150.

 

Arrangør Hjørundfjord Kulturvernlag og Hjørundfjord Sokneråd.