Han var heilt imponert over landskap og bebyggelse og laga denne "timelaps"-filmen medan han var der. Kvar lille filmsnutt består av 999 bilder som er tatt i løpet av 17 minutt (1 bilde i sekundet). Filmen vart sett saman i løpet av den veka han var der, og hadde premierevisning på kinoen i Nilsgardsløa med nesten 20 tilskodarar frå fleire land tilstades.

Nokre av innbyggarane og borna som var i grenda er med på filmen - men då må du sjå godt etter for dei kjem syklande og køyrande forbi i høgt, høgt tempo

Sjå filmen her: http://www.vimeo.com/15074700 .

Sjå meir om fimen og fakta på nettsidene til grendalaget Stavset og Ytre-Standal. Det er derfrå denne artikkelen er henta - forfattar Anja Standal.