G7 starta først, våra spelte mot Dalsfjord, Hareid og Volda. Det vart veldig, veldig vått, men gjengen stod på.

P7020003

G7 er i ei stor pulje, i dag var her 9 lag i sving frå området her.

Trass i dårleg ver så var det mange som møtte opp, veldig bra kiosk sal der me gjekk tom for pølser fleire gongar. Gjekk nok litt mindre is ...

 

P7020004

 

P7020011

Her er spelarane på G7.  Bakerst Vegard, Rugile, Andrine og Johan. Fremst er Joakim, Kristianne, Gaute og Nikolai. Fremst ligg Vetle.

Grasbana vart etterkvart meir lik ein åker, så me flytta banene til jentekampane. Jentene spelte mot Volda2, Vartdal og HIL/MIL.

 

18092010-3

 Her er Ingalena, Julie, Ingrid Elise, Monika, Synne, Thea-Karoline, Ingeborg, Maria og Madeleine.

18092010-7

Ei stor takk til dei som stilte som dommerar, Gaute, Glenn, Eivind, Olai og Henrik. Me veit det var litt tungt i dag sidan det var dragrace som lokka på andre sida av eidet.

Neste laurdag, 25/9 avsluttar me fotballsesongen i Barneidretten på BendIt cup i Volda. Me ser fram til det, og håpar på opplett.. Håpar mange tek turen for å heie på oss :-)

Takk for innsatsen til trenera, dommera, oppmenn, foreldre og ikkje minst spelerane våra ! HEIA SÆBØ !!