Vi må gjere det beste ut av det, er Einar Arne si rettesnor.

Kopi av Bilde 156

Det er desse som er næringsgrunnlaget på Stenes

Det kan kjennest tungt å gå i motvind, men vi på Stenes har bestemt oss for å gjere det så godt vi kan. Det viktigaste for meg er at vi har stor interesse for geithaldet. Av det følgjer at eg heile tida må vere oppdatert, ikkje minst gjennom husdyrkontrollen, og i tillegg må eg samle meg best mulig kompetanse om det eg skal drive. Når vi tenkjer oss om, så der det slik det må vere i alle yrke om ein skal lykkast.

Mindre mat

Når Einar Arne snakkar om motvind, så er det sjølvsagt symbolsk. Han konstaterer at det er mange som har slutta med geit og likar det ikkje. Det får konsekvensar for bygdene, men og for meieriindustrien og slakteriverksemdene. Når Tine vurderer å kutte brunostproduksjon i Ørsta-avdelinga eller flytte Snøfrisk-produksjonen til andre meieri, er det eit eksempel på at det vedkjem ikkje berre geithaldaren, men gir ringverknader og for arbeidsplassar utanfor geitfjøsa. Vi ser at mjølke- og kjøtproduksjonen gå tilbake og meieri og slakteri må avviklast.  Og dette skjer i ei tid då folk i verda svelt. Det må vere lov å ha langsiktige perspektiv og, ymtar Einar Arne på sitt stillferdige vis.

Bilde 144

Ein stolt geitbonde med sølvtina som prov på at han er norgesmeister i geitmjølkproduksjon.

Færre driv med geit

Talet på geitbuskapar går dramatisk nedover.  Det er altså færre som driv med geit. Dei som skal drive vidare, må auke buskapstorleiken for å få betre lønsemd. Totalt sett er det langt færre geiter og geitmjølkproduksjonen er mindre no enn for berre få år sidan. Men med godt stell og rett avl, viser statistikk likevel at kvar geit gir fleire liter mjølk enn før.

Møre og Romsdal er tredje største geitfylket i landet med 3.380 geiter. Berre Troms (6.230) og Sogn og Fjordane (5.085) her fleire. På landsbasis reknar ein 295 buskapar med 26.250 geiter.  Dette er tal frå geitkontrollen som dekkjer 90% på landsbasis.

Vi har tal på geithaldet i Hjørundfjord frå midten av 1850 talet. Fram til 1915 var det under 1.500 med ein jamn auke opp til 2.200 geiter fram mot siste krig. Fram til då var det vanleg med nokre få geiter på dei fleste gardar. I heile fylket er det no ca. 3.400 - ein dramatisk nedgang i geittalet dei siste ti-åra etter krigen og kanskje mest markant i siste del av denne perioden.

Mot straumen

På Stenes har brukarane drive med i geit som hovudnæring sidan 1930-talet. Det starta med 30-40 geiter, men har gradvis bygt opp ei besetning på vel 150 dyr. Rasen no er rein norsk mjølkegeit. Heimebøen er på 40 mål dyrka mark og vert til neste år utvida med nokre dekar til. Eit nybrot på 3-4 mål skal takast i bruk. I tillegg steller og haustar Einar Arne to gardsbruk på Urke slik at han i alt hentar for av 80 dekar innmark.

Bilde 161

Olaug Stennes, mor til Einar Arne, vil ha siste geita i fjøs. Klokka er 18 og det er kveldsmjølking som står for døra.

I Nilsgarden på Stenes i Norangsfjorden går ein mot straumen og har auka geittalet så mykje som råd i høve til tilgang på for og beite. Garden ligg litt over gjennomsnittsbuskapen i fylket som er 120,6 geiter.

Komtetanseutvikling

For å hente eit betre utbytte av drifta, er det heilt nødvendig å syte for å ha god kunnskap om det ein skal framstille. Med det følgjer at interessa for arbeidet og jobben vert meir meiningsfylt.

- Vi må stadig reise på kurs, vi må ha eit fagleg samarbeid og vi må ha gode reiskap som gir tilbakemelding om det vi utfører, seier Einar Arne.

Han nemner spesielt husdyrkontrollen. Det er for å velje ut rette dyra i avlen. Vi er sårbare på dette punktet. Geita slit med ein genfeil, eit manglande gen, som fører til meir frie feittsyrer i mjølka. Vi prøver å avle vekk denne genfeilen. Dermed smakar mjølka betre.  Vi må ligge under ei viss grense for å unngå trekk i mjølkeprisen og dermed unngå å svekke vår eigen økonomi.

Her på bruket har vi oppdaga at kraftig røring i mjølketanken eller for mykje risting under transport, påverkar dei uønska frie feittsyrene og gir ein skarpare eller beiskare smak av mjølka. Meieria har no endra farta på røreverka i gardstankane med godt resultat.

Mjølkepristillegg

Husdyrkontrollen viser oss kva kriterium vi må oppfylle for å få best resultat på drifta gjennom høgast mjølkepris.  Det er t.d. vi som må tilpasse oss årshjulet -  ei rett fordelinga av mjølk gjennom året - slik at ein kan drive rasjonell produktframstilling på meieria. Det fører igjen til at geitene føder kje utover hausten og fram på seinvåren. Før skjedde dette nokre hektiske veker på seinvinteren.

Kort sagt gjeld det for geitbonden å treffe dei ideelle krava som vert sett. Snittprisen er nøkkelen for økonomien saman med høg avkastning i antal liter pr. geit. Når vi kan tilpasse oss dei ulike krava som husdyrkontrollen stiller, er det med på å auke prisen på mjølka. Eit eksempel frå siste år viser at vi her på garden greidde å tilpasse oss årshjulet på ein måte som gav 72 øre meir pr. liter enn grunnprisen. Ved betre tilpassing kunne vi ha fått større tillegg. Berre dette eine tillegget styrker gardsøkonomien med over 61.000 kr. Den samla mjølkekvota vår er 85.000 liter.

Ikkje verdsmeister

-  Eg vil ikkje framstille det slik av vi er verdsmeister i geithald. Vi kan heilt sikkert gjere grep som gir betre økonomi. Vi er sårbare her på Stenes ved at vi deler av vinteren vert innesperra av snøras over vegen til Øye slik at mjølkebilen ikkje kjem fram. Då må vi bruke laustankar som vert løfta over i båt og så transportert til mjølkebilen.  Reinhaldet av tankane er krevande når det er så viktig å levere feilfri mjølk. Systemet er slik at dersom ein leverer dårleg mjølk ein enkelt dag, går dette utover mjølkeprisen for heile årsproduksjonen, seier Einar Arne.

Einar  Arne ser det slik at geithaldarane har fått visse rammevilkår som ein må strekkje seg etter.  Det vert då opp til kvar enkelt kor stort utbytte ein kan få ut av det. Det er mjølkeprisen er i fokus innan geithaldet.

Kjøtprisen er ei bedrøveleg historie for den som driv med geit.  Ein har opplevd at kjøt for nokre år sidan vart betalt med rundt 30 kr/kg. I vinter leverte dei kjøt til 1 kr/kg!  Ei avrekning på 18 kr. for ein geitskrott med 18 kilo kjøt fortel sitt.  Brukaren på Stenes er klar på at denne ressursen burde ha vore utnytta på ein langt betre måte.

Økonomi

Økonomien i geithaldet er såleis mykje opp til brukaren, meiner Einar Arne. Hans bruk er rekna til nær to årsverk og på garden er dei  i den heldige situasjon å ta to friske, oppegåande foreldre som er fullverdige arbeidarar. Det påverkar sjølvsagt bruksøkonomien. Det er vanskeleg å få Einar Arne til å skryte av økonomien.  Vi arbeider hardt og treng løna for arbeidet.  Men han vil heller ikkje klage.

P1040352

Stein i stein. Det er ikkje første gongen desse to har plukka stein på nybrotet lengst aust på bøen. Seinare på dag skulle dei harve på nytt og då rekna dei med at det vart like mykje stein som kom til syne.  Einar Arne Stennes (t.v.) og faren Jon rettar ryggen medan dei kviler. Dei veit vel kva det vil seie på plukke stein. Men til våren skal graset gro her.

Stenestunet og Urkebygda i bakgrunnen. Ein halvferdig molo ser ein over traktortaket.

Det tristaste, synest han, det er å sjå kor mange som sluttar eller at ingen overtek bruka som har drive med geit gjennom mange år. Det tappar kompetansen og gjer det tyngre å drive for dei som vil halde fram. Det hadde vore langt betre om vi hadde hatt ei større klynge med geithaldarar rundt om i kommunen og vi kunne hjelpe kvarandre i det fellesskapet. Det ville verke stimulerande for det faglege miljøet og i tillegg hadde geita kunne utført den landskapspleia som snart må overtakast av kommunearbeidarar.

På litt sikt vonar Einar Arne Stennes å få i hamn arbeidet med ein molo som han bygg på austsida av gardstunet. Ved hamna vil han sette opp eit par-tre utleigehytter for turistar. På denne måten vil han styrke økonomien for bruket ved å kombinere geithald, fiske og turisme. Det er mange, særleg barnefamiliar, som leitar etter tilbod med feriebustader knytt til dyrehald. Her skal barna få lære seg å mjølke geiter med maskin, er planen.

Norgesmeister

Bonden i Nilsgarden må hente fram sølvtina som han i vinter fekk overlevert under ei stor tilstelling i Oslo.  Dette er den høgaste utmerking ein kan oppnå som leverandør til TINE.  Det vert tildelt brukarar som i løpet av 15 år har levert feilfri mjølk.  At det var tre geithaldarar  på landsbasis som fekk same sølvtina, ser Einar Arne som berre positivt. Alle desse kan kalle seg norgesmeister i geitmjølkproduksjon.