Det vart ei utruleg stund for Frode Holen og oss andre som skulle på sauesanking på Skår.  Fleire titals grindkval var nemleg på besøk i  fjorden og dei laga underhaldning av høg klasse.  Eit par småbåtar med tyske fiskarar fekk sikkert ei oppleving dei aldri vil gløyme då dei plutseleg var midt i ein flokk med leikande- og blåsande grindkval. Og sjølv om Frode Holen helst skulle ha vore ute på sjøen i småbåt gledde han seg likevel over dei ansalgsvis 20-30 grindkvalane som sikkert var på jakt etter makrell.

023
Frode Holen si store interesse og leveveg er ville dyr.  Her står han på kaia på Skår og gler seg over den leikande grindkvalen på fjorden.

Underteikna hadde diverre ikkje med seg det gode kameraet, men eg vonar at dei dårlege fotoa under likevel gjev eit visst inntrykk.  Kanskje greier eg å få lagt ut ein liten filmsnutt i morgon kveld.

016
Grindkval på veg inn fjorden.

022

029 041
Jamt stod vassprøyten til vers.

Frode veit at grindkvalen kan bli over seks meter lang og Asbjørn Skår på Skår kan fortelje at grindkval på fjorden ikkje er eit heilt sjeldant syn, men det er første gong at han er på besøk i år.  Det som eller var overraskande er kor kraftig lyd det var blåsten til kvalen.

Sauesankinga vart utsett ei stund, men som John Carew sa det etter skaden og sigeren i fotballandskampen i går: - Det var vel verdt det. Vi som stod på kaia skulle berre ha vore ute i båt med  "godekameraet"...