2. klassingane spelar i klasse gutar 7 år og spelte i dag to kampar mot Voldalag og ein mot Ørsta. Det var stor innsats både på bana og på sidelinja, så medan ungane vart sletne i føtene vart fleire av oss vaksne sletne i stemmebandet( Siw vart hesare og hesare utover kampane). 6 av 9 spelarar var innom målstengene og prøvde seg som keeper, nokre angra litt og fann ut at det var litt skummelt. Men ingen kan vite om dei er keepertalent utan å ha prøvd. Dette var mest truleg siste turneringa dette laget spelte saman, neste sesong vert dei delt i guttelag og jentelag. Så tusen takk for ein kjempe kjekke sesong.

Mai til sept2010 344

 Mai til sept2010 340

Vetle, Johan, Rugile, Vegard, Joakim, Nikolai, Kristianne, Gaute og Andrine.

 

Gutar 8 år spelte første kampen mot Moltu med godt resultat. Andre kampen var mot Hornindal og  siste kampen mot Ørsta3. Dei stod på og viste at dei har lært mykje i haustsesongen :)

 100_3443

Tor-Eivind, Johan Peder, Mathias, Sølve, Andreas, Karoline, Thea-Karin, Bjørn Ove, Jo-Martin og Markus.

Jenter 10 år spelte mot Bergsøy fyste kampen, så mot Volda1 og Volda2. Det vart jamne kampar og jentene gav på. Det er kjekt å sjå framgang - og det ser vi hos alle laga våre takka være både stor innsatsvilje frå spelerane og engasjerte og flinke trenerar!  

260920101517065cfXKpw8F4JO

2609201015170725yu8Ls942tg

 Thea-Karoline, Maria, Ingeborg, Madeleine, Monica, Ingalena, Synne, Ingrid Elise og Julie som keeper.  Her med dei flotte t-skjortene og pannebanda me fekk med arrangøren.

Gutar 10 mangla spelarar i dag så då var det å huke inn nokre ekstra reservar. Dermed vart det 6 kampar i dag på både Markus og Vegard. Gutar 10 år var heldige og fekk spele mot to nye" lag. Først ut var mot Bergsøy, her var Sæbø knall ivrige og skåra første mål nesten før kampen var starta. Neste kamp gjekk mot Eid før dei avslutta mot Ørsta. Mange av spelarane har hatt ei kjempe utvikling denne sesongen og det var utruleg artig å sjå kor dei kjempa, finta, redda og skåra. Trur vi må gi Olai ein del av æra for denne utviklinga. Vi er heldige og kjempe glad for at desse kjekke ungdommane vil vere med som trenarar for desse yngre laga.

Mai til sept2010 346

Mai til sept2010 347

Steinar, Kristian, Daniel, Bendik, Markus, Vegard, Sander og Aslak.

Me kan berre gjenta at dette er ein gjeng kjekke friske ungar som står på og har det kjekt saman på fotballbana. Heldige er me som har så mange som ynskjer å delta :-)

Siste fotballtrening for denne sesongen vert tirsdag til vanleg tid.

Ei stor takk til alle som har stilt opp som trenerar, foreldre, oppmenn og spelerane sjølvsagt !