Ein haustdag i 1994 gjekk Kjetil,den 18 år gamle son min og eg råsa opp mot Konedalen. Vi var på rypejakt, og målet var Helgåheida og Stålberghornet.

Eg vart litt betenkt då vi kom opp i Konedalen og såg kor bratt det var opp til reset mot Konehornet, og eg ymta om at kanskje skulle vi legge frå oss våpena og gå på Jakta i staden. Men nei, Kjetil ville på Stålberghornet , og slik vart det .

Aldri har eg vandra på ein stad som var så fri for spor etter folk og dyr. Det einaste vi såg var fjørene etter ei rype som var teken av rovfugl.

 Vi følte begge at vi var langt frå folk, og det føltest heilt nydeleg der vi rasta ved Helgåvatna i det nydelege haustveret. På veg mot sjølve Stålberghornet skilde vi lag, for det skulle no jaktast litt også. Eg kom først opp på sjølve Hornet, og sette meg ned å venta på Kjetil. Det gjekk så lenge at eg vart redd det hadde hendt noke gale. Eg vart skikkeleg redd. Langt frå folk og sjølvsagt ingen telefon.

Brått dukka han opp og kom mot meg. I rein lettelse tok eg fram kamera og tok eit bilete av han der han kom mot meg.

Kjetil på jakt på Stålberghornet

Endeleg kom han oppå. Eg tek biletet i rein glede.

Prøv å dobbeltklikke på alle bileta. Kanskje får du lyst å ta turen opp?

Inni varden på Stålberghornet fann vi eit glas med ein papirlapp i. Det var eit eldre par frå Lekneset som hadde vore der på helikoptertur. Vi leitte i sekkane våre for å finne noke å skrive med, men ingenting var å finne. Eg sa til Kjetil at det var synd, for dette er nok første og einaste gongen eg er her.

Kjetil ved varden på Stålberghornet  1994

                               Kjetil ved varden på Stålberghornet.

Turen ned att gjekk same vegen. Og vi var bra gåen då vi var nede att ved bilen. Men det gledde meg at sjølv om vi ikkje hadde sett ei einaste rype så sa Kjetil at dette hadde vore ein av dei finaste fjellturane han hadde vore på.

Det vart også den siste skikkelege fjellturen vår ilag.

Langfredag, den 14. april året etter tok han livet sitt uten at vi hadde den minste mistanke om at han sleit og hadde det tungt.

Det vart heilt forferdeleg å vere til. Eg veit at eg mange gonger tenkte at noke  vondt kunne vere vondt på ein slik fæl måte.

Eg hadde eit veiteprosjekt i ein åker attmed der eg  fann Kjetil død. Det vart sjølvsagt ein tung akkord. Men like gale og verre var det når eg såg mot Stålberghornet. Då såg eg han kvar gong kome mot meg, uten at eg kunne nå han. Det vart for vanskeleg å snakke om dette til nokon, og dermed ga det meg  aldri fred. Det vart ei gråtekule kvar gong eg såg dit opp. Og det vart til slutt så gale at eg innsåg at eg måtte kome meg opp att på Stålberghornet i håp om å slette det ut av tankane mine. Men eg hadde ikkje lyst å ta turen åleine.

Så ein dag kom Jens Leknes for å hente egg. Eg orda frampå om han hadde vore på Stålberghornet. Og han kunne fortelje at han hadde gått opp frå Viddalstranda med Olav Norangshol som kjentmann.

Han ville svært gjerne ta turen att i lag med meg. Og akkurat eit år etter at Kjetil og eg hadde vore der sette Johan Riise oss i land like utanfor Galdsteinane. Og vi starta turen opp gjennom skogen og opp til flåa som leidde oss innpå sjølve Stålberghornet. Dit kom vi uten problem. Vi ga oss god tid oppå platået. Eg hadde med kamera som vanleg og eg tok ein del bilete.

Jens går flåa

Her går Jens flåa frå ryggen vi gjekk opp, og mot platået. Det gjekk fint å gå bak steinen som sperra flåa.

Flott å ligge i graset på Stålberghornet

Flott å slappe av etter ei tung oppstigning.

Jens Leknes peikar heim att

"Peik mot Lekneset der du bor", sa eg til Jens før eg trykte av.

Jens og Knut er komne oppå sjølve  Stålberghorn

Her er det pause på veg mot toppen. Sæbøneset til høgre for Jens.

I sekken hadde eg med ei kladdebok som eg ville legge inn i varden, og eg skreiv inn det eg tenkte der og då før eg skrua att glaset og la det på plass.

Eg legg inn boka i varden 1995

Her har eg skrive det eg ville, og Jens tek bilete. Sæbø rett bak meg.

 Deretter gjekk vi akkurat der eg tok biletet av Kjetil. Eg fekk sjå fjellet uten at han var der. Etter dette har eg kunna sett opp dit og berre hatt det som eit fint minne om siste turen vår.

På turen mot Nordang tok eg også turen til Konehornet, der eg ikkje var sist gong.

Jens og eg vart enige om at dette ikkje skulle vere siste turen i lag, men ikkje lenge etter vart han alvorleg sjuk. Og etter ei tid døydde han. Då vart bileta frå Stålberghornet også verdifulle for dei som stod han nær.

To gonger har eg fått kommentarar over det som eg hadde skrive i boka av folk som har vore der seinare. Eg hugsa ikkje lenger kva eg hadde skrive, og har av og til tenkt at eg kanskje skulle ta ein tredje tur for å skrive det ned. Berre ein som har opplevd noke slikt forstår kvifor ein får slike tankar.

Den 30. juli i år fekk eg telefon frå Johan Hustadnes, ein tremenning som eg berre har lese om og aldri møtt. Han var litt forsiktig med ærendet sitt, men då eg fekk høyre om ei oppbløytt bok i eit sylteglas, forstod eg kvar han hadde vore med ein gong.

Dei var 3 mann på tur då ein av dei hadde funne boka. Den var nesten berre graut. Dei hadde likevel greidt å tyde litt av første sida og trudde det dreia seg om ei ulukke i fjellet. Dei forstod at det kunne vere av verdi for nokon, så dei tok boka med seg ned att. Etter å ha tørka boka etter råd frå ein ekspert greidde dei å tyde namnet mitt.

Litt seinare på dagen var han på besøk og hadde med boka.

Boka frå Stålberghornet

Slik såg førstesida ut etter tørking.

Besøk av Johan Hustadnes.

Det vart ein lang prat om felles interesser mellom Johan og meg. Mest om fjell, sjølvsagt.

Etter besøket har tankane vore mykje tilbake i tid. Eg veit at det hjelper å prate eller skrive. Kanskje kan det til og med vere til hjelp for ein kvan som er i liknande situasjon. Difor dette innlegget.

21. august for ei veke sidan var eg på Jakta for første gong. Eg gjekk dit ilag med 3 av borna mine. Jarle, Dagny og Emil. Veret var tvilsamt og turen var tung. Men trass i rikeleg senastrekk var det turen verdt.

Tur på Jakta 2010 036

Her er vi på toppen av Jakta. f.v. Emil, Dagny, Jarle og "gamle far".

Eg hadde så lyst på eit fint bilete av Stålberghornet ovanfrå. Det har eg sett vore teke av andre. Eg fekk det! Når ein er ein gong på Jakta i livet, og det i tvilsomt ver og sikta varer i 10 minutt, då vert eg takksam over det eg fekk sjå!

Lys over Stålberghornet.

                          Stålberghornet sett frå Jakta.

No har eg fått endå finare fargar på minnet mitt frå siste turen med Kjetil.