Norway-cup 2010

 

Spenninga er stor framføre kampen på onsdagkl 1145  då Sæbø skal møte  Skogvåg/ Hald/ Telavåg på Valle Hovin i fyrste kamp i A- sluttspelet.

På bildet over har vi laget: Trenar Yngve, Alexander, Stian, Glenn Robin, Kjetil, Henrik, kristian, Eivind, Olai, Joakim, Stian og Elen.

Søndag 1 august spelte Sæbø fyrste kampen mot Gaza fc og tapte 2-1.

Mandag spelte Sæbø mot Romedal og slo dei med heile 6-0

DSCN2165

Her frå kampen mot Romedal.

heading

Tirsdag spelte Sæbø mot Vestre Gran og vann 3-1, då var det klart for A- Sluttspel.

Gjengen har det flott i Oslo, maten er god, veret er flott, Supportergjengen er litt tame men det kjem seg no!

Tirsdag fekk dei seg ein tur på teknisk museum og ein kjempeunderhaldande kamp på Ullevoll fekk dei og oppleve.

ullevollinje 

Fullt fokus under kampen mellom Vålerenga- Start som enda 8-1.

Helsing heim til ALLE!

No ventar vi spent på vegen vidare, vi skal krysse fingrane!

HEIA SÆBØ

Bilda er tekne av sjåfør Jan Rune Wille.