Sjølv om det regna krafigt søndagsmorgonen, så møtte vi berre opp i Kvistaddalen og det angra vi ikkje på.
-Ei skikkeleg regnbyge er også ei naturoppleving var vi samde om, fortel damene. Her traff vi 5 andre som hadde møtt fram i lag med dei to lokale vegvisaraen.

IMGP8344

På veg over Kvamsetdalsfjellet.

Søndag 1.august arrangerte Hjørundfjord kulturvernlag i samarbeid  med Naturfestivalen 2010, tur frå Kvistad i Bondalen til Kvamsetdalen. Veret skremde sikkert mange med ei kraftig regnbyge i  09-tida søndagsmorgon, men 8 personar møtte likevel opp og angra ikkje på det. Veret vart svært bra etter kvart, og ein fin temperatur gjorde det til ei topp naturoppleving.

IMGP8347_2_1
IMGP8348_2_1
Fyrste pause på Kvamsetdalsfjellet
Turen går videre frå selhaugen i Kvamsetdalen til brunene. Fv. Bernt Arve Hustad, Vigdis Tronrud,Siri Baardsun, Marit Tronrud, Per Leirvik, Elsa Hustad, Fredrik Ødegaard og Christian Holmsland

Turen vart leia av to lokale vegvisarar, Helge Nordang og Ivar Svein Mo og det vart fort etablert ein god tone i turlaget og det vart formidla lokalkunnskap og gode historier.

IMGP8353_5_1

Eit fantastisk syn møtte dei tre damene frå Hønefoss ilag med resten av turlaget då dei kom til Kvamsedalsbrunenebrunene og fekk sjå utsikta til Bjørke med eit fantastisk lys i bakgrunnen.

 Fv.: Vigdis Tronrud, Marit Tronrud og Siri Baardsun- Dette er den kvalitetsopplevinga vi berre drøymde om å få sjå, seier dei tre. For ein luksus de på Sunnmøre lever i seier dei, sjølv om dei er klar over at ein slik natur kan snu seg fort til ein tøffare opplevelse, enn i dag.

- Dette er akkurat det vi ynskjer når vi kjem til ein slik lokal tur. Å få høyre lokal historie på lokal dialekt er noko som gjev oss mykje, seier systrene Vigdis og Marit Tronrud som var i lag med Siri Baardsun.

-I tillegg til dei tre var også ein familie frå Oslo ilag med kjentfolk frå Hustad med, og frå Ulsteinvik kom ein fjellvant kar som hadde peikt seg ut denne dagen i Hjørundfjord-naturen.

Etter ein fin og grei tur over Kvamsetdalsfjellet gjekk turen nedi sjølve dalen og Helge Nordang opna hytta si for turlaget og medan turfylgje tok turen til Kvamsetdalsbrunene, kokte Helge kaffi på god gammaldagsmåte på kjel, som han  serverte til nistematen.

IMGP8354_1 IMGP8360_1
Her er det flott utsikt med Leira i bakgrunnen

Fv. Elsa Hustad,Christian Holmsland, Marit Tronrud, Siri Baardsun, Per Leirvik, Fredrik Ødegaard, Bernt Arve Hustad, Vigdis Tronrud og hytteeigar Helge Nordang

 Vi veit ikkje korleis vi skal få fullrost eit slikt tilbod som Naturfestivalen gjev seier turdeltakarane som kjem utanfrå.

Dei tre damene frå Hønefoss reiser vidare til Godøya, men på onsdag kjem dei att og då vil dei overnatte i Knutegarden  i Norangsfjorden, med Edith og John Arne Nordang. Vi har høyrdt så mykje bra om denne Knutegarden at vi har tinga oss ei overnatting der, seier dei.

IMGP8361_3_1

På slutten av dagen kom der ei skikkeleg naturoppleving i form av ei regnbyge. Fv. Siri Baardsun, Vigdis Tronrud, Bernt Arve Hustad, Per Leirvik og Marit Tronrud.

 

(Alle bilda kan klikkast på for stor størelse)