P1040376

Eldrid Øye

P1040378

  Det var fullsett i Grendahuset  og applausen sat laust..

Etter opninga av leiar i Urke Grendalag, Eldrid Øye, var det den yngre garde, Madelene Berg og Maria Norangshol, som starta underhaldninga.

P1040381

Maria Norangshol (t.v.) og Madelene Berg

Inge Karl Haandlykken kåserte på sin velklingande hedmarkdialekt og mintest faren,  Andreas - frå Ivagarden på Urke - som vart ein av pionerane her i landet i sølvrevtida. Han var over til Canada med ”Stavangerfjord” og henta heim på enkelte turar opp til 75 revar som han handla på vegne av oppdrettarar heime.

P1040382

Brumunddøl med djupe røter i Urkebygda, Inge Karl Haandlykken

Men Inge la hovudvekta på minne frå vitjingane i Urkebygda om haustane, ei to-dagars reis kvar veg. Inge skildra tante Berta i poesiform, men hugsa og denne smilande overskotstanta som tok mot han på trappa heime, etter at småguten ikkje hadde klart å halde seg siste metrane opp frå kaia, og dermed gjekk det gale i buksa: ” Å dinnj stakars pøse – e´ meine du he skjite de´ ut.”

P1040385

Frå v.: Janine Berg, Tom Andersen og Venke Katrin Oksavik

Venke Katrin Oksavik, Tom Andersen og Janine Berg underheldt med song som spente frå ferøyiske salmar til kjende ”svisker”.  Og publikum let seg engasjere.

P1040387

Arvid Stennes (t.v.) og Halvard Urke

Arvid Stennes og Halvard Urke - med fiolin og trekkspel - henta fram musikk til dei velkjende Evert Taube-visene. Det vart nemnt at karane har same eigenskapen som god vin; dei vert betre etter kvart som åra sig på..

P1040389

Torbjørn Urke i engasjert stil

Torbjørn Urke fortalde om minner frå heimbygda som var knytte til sol og stjerner, månen, flo og fjøre. Han hadde kjelde til opplysningane frå personar i bygda som hadde fått med seg desse kunnskapane, utan å ha studert astronomi. I høgre lomma hadde Torbjørn soluret som viste eksakt tid, i andre lomma hadde han måneuret.  Ein urmakar i Stryn har omarbeidd det til å gå saktare slik at det følgjer månen si tid og med det kan ein sjå når det er flo.

Soldagen – første dagen då sola kjem att etter jul – rekna urkebygdingane som ein like viktig dag som 17. mai og julekvelden. På Solhaug såg dei sola alt 20. januar, medan andre måtte vente eit par veker. Vesle Jostein var heldig som hadde fødselsdag 23. januar, og då læraren ville vite kva dag han var fødd, var svaret slik: ”Eg er fødd på soldagen!”

P1040390

Sverre Rønning

Avrundinga av kveldens program sytte Sverre Rønning for med songen "Urkebygda vår."

Ein triveleg kveld som mange uttrykte at dette må vi ha fleire av.