Ok, eg forstår at nokre sikkert meiner at eg ikkje har så store problem å slite med akkurat no, men kva gjer vi med ostar som har slike kjempehòl?

001
Nokon som har funne eit større hol i ein ost?

For ei tid sidan las eg at ein ikkje burde ha meir enn to skiver med ost på brødskiva. Dette fordi osten gjerne var feit og feit kost var visst ikkje godt for kropp og sjel.  Javel, men kva gjer ein når osten har så store hòl at det nesten vert berre eit hol på heile brødskiva sjølv om ein brukar to osteskiver - same kva veg ein legg dei?  Og punkt to:  Er det nokon som har funne større hol i ein ost enn eit hòl med diameter 3,6 cm?

Og  så eit lite namnproblem.
Eg sit med ei kjensle av at vi som er gardbrukarar ikkje er flinke nok til å ta vare på velbrukte ord.  Vi lærer ikkje orda vidare.  Sjølv her i Bondalen er det fleire og fleire som brukar namnet grind om led. I desse fjesbok- og tekstmeldingtider utarmar vi språket, og det er sjølvsagt dumt for alle.  Eg tek med eit døme under.  Er det nokon som har eit namn på gjestanden under, dvs. strengen eller liknande som held ledet inntil gjerdestolpen?  Kanskje er det fleire namn som vert brukt?

079b
Kva vert strengen som held ledet - eller må vi seie grinda ? - inntil gjerdestolpen kalla?

148 (2)
Klikk på fotoet og du ser (ved raud pil) at eit led midt på finnmarksvidda sjølvsagt også har ein slik gjenstand som nemnt over.  Namn?

Og til slutt eit foto av det som Jakob Hustad meiner må vere bondalens finaste sandstrand, men kvar er ho å finne?

043b
Kvar finn vi denne fine sandstranda?