Gunnar-råsa001

Vi møttest i Fonnvernet, nokre hadde tjuvstarta og fleire kom til, i alt var 20 turglade med på turen i kveld.

 

Gunnar-råsa002

Trollsk stemning i den gamle granskogen oppom Fonnvernet. Vi har allereie fått opp pulsen.

 

Gunnar-råsa004

Påfyll av væske må til, vatn er den beste tørstedrikk.

 

Gunnar-råsa007

Her er vi komne opp til storesteinen med trimposten til trimgruppa, alle vil skrive seg inn i boka.

 

Gunnar-råsa010

Turens eldste og yngste, Anders, Gunnar, Ingrid og Hanne. Anders kunne fortelje at han har vore opp hit 14 gongar i år, ikkje så verst det vel?

Eit stykke lenger oppe deler råsa seg, der kan vi ta av mot høgre i ei godt rydda og merka rås som endar på Hjellen.

 

084

Denne gjengen valde å gå Hjelleråsa som Johan Hjellen har lagt mykje arbeid i å finne fram frå krattet. Dei var storfornøgde og melder at stien er god å finne og anbefaler den på det sterkaste.

 

083

Frå Hjelleråsa!

 

Gunnar-råsa012

Resten av turfølgjet gjekk vidare opp Skondalen, når vi kryssa Skondalselva vart drikkeflaskene fyllte med friskt kaldt vatn.

 

Gunnar-råsa013

Ein liten brede ligg att i Knutsgjølet, Gunnar måtte springe nokre runder i snøen.

 

Gunnar-råsa016

Ned Knutsgjølet vassar vi i bregner, Sæbøvika og Nordangsfjorden i bakgrunnen.

 

Gunnar-råsa017

Kari var førstemann på Storenakken og fekk kvile på sessen, flott utsikt.

 

Gunnar-råsa024

Vel nedattkomne til Rise fekk vi auge på vedaladet til leiaren i trimgruppa, no er det visst på tide at du kjem heim frå syden og passar på veden din Bodil :))

TAKK FOR EIN FIN KVELD FOLKENS!!

 

Neste veke er måndagsturenein del av programmet til naturfestivalen, og vi skal på Stokkehornet. Vi møtest på parkeringsplassen på Stokkesida i Frølandsdalen kl. 18.00. Vel møtt.