IMG_1121

Hustadneset og Sæbøneset i skoddehavet.

Lat oss vedgå det, vi er vêrsjuke dei fleste av oss. Eg er det i alle fall. Onsdag kveld hølja det ned. Eg hadde lyst på sjøen, men måtte berre innsjå at det var idiotisk med mindre eg ynskte å plage meg sjølv. Det gjer eg nok som Liverpool-tilhengjar.


Likevel, det er noko fascinerande med styggeveret. Det er då ein bokstaveleg tala ser lyset. Anten kjem det i ein stråle frå ein gløtt i skydekket, eller ein frodig sommar med ein aktiv fotosyntese kan gje lys frå frodige markar og skogar.


Kombinert med alpelandskapet, skodde og mykje vatn, spelar lyset for oss. Når ei byge kjem, ser vi korleis ho på kort tid kan dekkje for det stabile lyset frå sola og blå himmel, og i staden gje oss mørke. I alle fall eit tilsynelatande mørke. For i alt det svarte nektar lyset å gje seg. Det er der, og prøver å trengje igjennom. Berre ein liten stråle kan gje ein fin refleksjon frå bakken.

IMG_1109

Det er så vidt kyrkjetårnet på Sæbø går klar skodda.


Då det italienske presidentparet for få år sidan var på  vitjing i Noreg, og dronning Sonja tok med seg paret om bord i ”Noreg” inn Hjørundfjorden, hølja det ned. Bak kongeskipet kom ein leigd båt med journalistar. Då har eg frå sikre kjelder fått vite at medan Sunnmørsposten sin fotograf sat i salongen og stura, var dei utanlandske pressefotografane elleville. Fossefall, vatn og nokre få lysstrålar gjorde dei euforiske. Dette var noko heilt annleis.


Sjølvsagt er det inga trøyst at utlendingar likar styggever. Eg er glad for at vi no får ei helg med strålande solskin. Likevel må eg vedgå at styggeveret gjer at eg verkeleg kan sjå nyansar. Alt er ikkje grått. Det er faktisk i styggever at fargespekteret i naturen verkeleg får utfalde seg.

Torever

Uveret er på veg utover Hjørundfjorden.