Juli månad har vist seg frå forskjellige sider, iallefall veret (eller "veire" så vi seier på hi sida av Eidet). Frå Fjordstova på Hjørundfjordheimen har vi ei fantastisk utsikt og 15. juli var ein fin sommardag som eg ville ha eit bilde av.

neset4

Klokka er her 16.42 og vi trur at no er sommaren komen. For ein gons skul er det vindstille også på  sjøsida av huset.

 

neset 8

Klokka 18.07 anar vi ein eling og det "kvitar" på sjønå, "jaja han he vel sprengt seg då".

neset9

18.15 høyrer vi fjern buldring og vi er glade for at vi er inne.

neset 11

klokka 18.23 er vi glade for at taket er tett,

neset13

og det blir berre verre. Vi høyrer tora slå og straumen går. Eigentleg fasinerande, er litt enig med Rune der..Bildet er teke kl. 18.28
Sidan eg er på jobb og det er midt i kveldsmaten får eg ikkje følge med meir, kan iallefall ikkje stå her å ta bilder..

neset15

Klokka 21.03 ser vi ei lysning og vi trur atter på ein fin seinsommar!

neset16

Seinvakta på jobb er snart ferdig, klokka er blitt 21.27 og utsikta er igjen som eit maleri.

Morgongry!

Allsidigheita i veret er fasinerande og då eg hadde nokre nattevakter hadde eg tenkt å ta eit bilde kvar dag på same tidspunkt. Dette skar seg litt med eg fekk då iallefall med meg nokre variasjonar.

morgongry 11

20. juli kl. 04.33

 

morgongry 13

21. juli kl. 05.45

 

Morgongry 01

Det er ikkje snø som lavar ned her men måsar.. klokka er 03.44 den 23. juli og vi anar klarver. 5 grader viser målaren her, mot 2 lenger framme i dalen.

 

Morgongry

Kl. 04.35 er vi heilt sikre på at det blir ein strålande dag som det er synd å sove vekk...

 

Morgon 01

Soloppgang, klokka er 05.37 den 23. juli 2010!

Ha ein fortsatt fin sommar!