Rammeplanen seier at barnehagen gjennom arbeid med tal, rom og form skal bidra til at barna

- opplever gleda opplever glede over å utforske og leke med tall og former

- tileigner seg gode matematiske omgrep

- erfarer, utforskar og leiker med form og mønster.

- erfarer ulike typer storleikar, former og mål gjennom å sortere og samanlikne

- erfarer plassering og orientering og på den måten utviklar evner til lokalisering.

Og korleis gjer vi dette i kvardagen? Her er nokre døme:

 

1. SPEL

matte2

Når barna speler, fortel terningen kor mykje dei får flytte brikken sin. Dei tel prikkar på terningen og overfører dette til kor mange steg dei får flytte. Etterkvart automatiserer dei teljinga av terningen, dei lærer å lese terningen sitt symbol for 5 og kjenner mengden fem. Dette er rett avansert altså! I tillegg lærer barna spelreglar (matematikk det med) og i tillegg masse sosial læring: spelretning (alltid med klokka), turtaking samt tap og vinn med same sinn.

2. LEIK MED STORLEIKAR OG MØNSTER

matte3

Her leikar barna med mattebamsane våre. Dei kan sorterast etter farge og storleik. Vi har mønsterkort som barna les opp for kvarandre og vi har vekt som ein nyttar til ytterlegare samanlikning. Somme tider skjer dette i oppgåver formidla av dei vaksne, ofte vil barna fortsette på eiga hand etterpå. Den leiken kan synast ustrukturert for oss vaksne - men stoppar ein opp og samtalar med dei så veit dei kanskje allereie meir enn oss. Td at 2 mellomstore bamsar er lik 1 stor bamse på vekta.

3. MEMORY

matte4

Memory er eit spel som krev merksemd og konsentrasjon. Her gjeld det å finne to like. Har ein med ein vaksen som støttar barnet sitt språk, lærer dei fort at eitt par = 2 (like) kort , to par = 4 kort m.m. Då legg ein grunnlag for ein tidleg gangetabell :-)

matte5

Ein kan og samtale om bilda, nokre er veldig like utan å vere heilt like. Kva er likt, kva er forskjellig?

4. KULESPEL

Kulespel er moro for store og små. Den vaksne skriv poenga og legg saman, og barna ser tala og forstår verdiar.

matte6

6. PUSLESPEL

Her gjeld det å sjå former og mønster (som delar av eit større bilde) og passe desse i hop. Den vaksne snakkar om bitane: rett kant, blå farge, hjørnebit m.m. og hjelper barnet til å lære nye omgrep.

matte7

7. KONSTRUKSJONSLEIK

Ja, ein kan lære matte av slik leik med. Arkitektar og ingeniørar jobber dagleg med to- og tredimensjonal kontruksjon. I dette tilfellet er det konstruksjon der ein skal skape både funksjon og balanse.

matte8

8. LEIK

Men dette er vel ikkje matte? Joda, å bruke kroppen sin aktivt utviklar også hjernen. Her arbeider barna både med fart og retning (var det vektorrekning vi kalla det?)

matte9

9. ANDRE AKTIVITETAR

Vi tel masse: barn, fingrar, tær m.m. 1-2-3-4-5 osv. Barna lærer rekka og dei lærer etterkvart samanhang mellom ordenstallet (td 5) og mengda (td 5 fingrar).

I eventyr som "Bukkene Bruse" arbeider vi med storleikar: liten/minst, mellomstor og stor/størst. Barna bruker seg sjølve, dei står på rekke og sorterer. Og den som er minst no er kanskje størst neste gong. Så rart.....

matte10

Her lagar vi runde former!

Heldigvis, i barnehagen er matematikk berre moro! Iallfall så lenge ein ikkje prøver å jukse når ein spelar...........