Oppsettet til turneringa kjem under her, og eit av høgdepunkta vil utvilsomt være siste kampen laurdag, som går mellom Sæbø og Sæbø veteranane. Sist Sæbø veteranane deltok var i 2008, då laget kom på en pinleg sisteplass. Vi reknar med laget er revansjesugne og mest sansynleg ikkje legg noko i mellom for å setje på plass dei litt sprekare, men longt yngre og mindre rutinerte jyplingane som spelar på årets Sæbø lag.

For øvrig reknar vi med å sjå ein og annan gjestespelar på dei diverse laga, mulig eit og anna lag nyttar sjansen til å la nokon mulige forsterkningar prøve spele denne helga. Ellers så håpar vi på godt vær (er alltid det på Sæbø sjøl om regnet høljar ned) og at folk stiller i flokk for å bivåne denne fantastiske og tradisjonsrike cupen!!

 

LAURDAG 31.07.10

1 12.00 Åmdal - Ørsta

2 12.50 Veteranlag - Vartdal

3 13.40 Sæbø - Hovdebygda

4 14.30 Åmdal - Vartdal

5 15.20 Hovdebygda - Veteranlag

6 16.10 Vartdal - Sæbø

7 17.00 Ørsta - Hovdebygda

8 17.50 Sæbø - Veteranlag

 

SØNDAG 01.08.10

  9 12.00 Veteranlag - Ørsta

10 12.50 Hovdebygda - Åmdal

11 13.40 Ørsta - Sæbø

12 14.30 Åmdal - Veteranlag

13 15.20 Vartdal - Ørsta

14 16.10 Sæbø - Åmdal

15 17.00 Vartdal - Hovdebygda

16 18.00 FINALE

 

Dei to beste laga etter at alle innbyrdes kampar er spelt spelar finalen. Ved poenglikheit gjeld innbyrdes oppgjær i seriespelet, deretter målskilnad.

Vi vil ynskje alle laga lykke til!!

Mvh

-Sæbø IL-