Alf Inge, kva er ambisjonane til veteranlaget i årets Sæbøcup ?

Vel, me er ikkje med berre for å delta, det er i alle fall heilt sikkert! Me skal likevel stikke fingeren i jorda; me er sjølvsagt klar over at me ikkje er ungdomar lenger og at motstandarlaga generelt er betre trena enn oss, i alle fall som lag. Så deltaking krev at me hentar fram alt me har av rutine og kløkt. Cupinnsatsen i 2008 synte at veteranlaget har noko i cupen å gjere, så me har absolutt ambisjonar om å bite godt i frå oss. Kva er det ein plar seie; ”me tek ein kamp om gongen, og så les me tabellen til slutt”

 

Du seier sjølv at dokke ikkje er ungdomar lenger. Er ikkje dokke litt for gamle for dette, å delta i Sæbøcupen ?

Tja,…me har vorte 2 år eldre sidan sist me stilte opp og snittalderen på årets lag er faktisk heile 41 år! Men sjølv om motstandarane er omtrent halvparten så gamle og vel så det og med unge friske bein, så vel me heller å sjå på alderen som noko positivt. Rutine er viktig i fotball, og 16-manns troppen vår har samla sett mange tusen A-kampar i Sæbøtrøya. Dei fleste av oss trenar framleis regelmessig så eg trur me skal klare å hevde oss greit, kanskje nå heilt til finalen? Største utfordringa vert å fungere som lag, sidan me ikkje får trent saman slik motstandarane i dei lokale A-laga gjer året rundt.

 

Bård

Kaptein på veteranlaget i 2008 Bård Forbord vert også å finne på Sæbø stadion i årets cup, så då får me nok sjå nokre silkepasningar med presis adresse.

 

Er hovudmålet å gjere det betre enn i 2008 ?

Ja det er heilt klart! I 2008 spelte me jamnt med dei fleste laga, sjølv om me endte sist i turneringa med 2 uavgjorte (Vartdal og Hovdebygda) og 3 tap. T.d vart det 2 knepne tap mot Ørsta og Sæbø. I år trur eg at veterantroppa er enda betre totalt sett, i alle fall offensivt. Samanlikna med 2008 manglar me i år solide veteranar som t.d Svein Sæbønes, Oddmar Aklestad, Svein Ove Walseth, Knut Inge Haugen og Kjetil Leknes. Men til gjengjeld har me i år med utprega offensive typar som Bjørn Ove Strand, Jørund Walseth og Jens Arve Forbord. Dette er veteranar som alle veit kvar målet står og er matchvinnartypar. Nei, eg trur ikkje at veteranlaget kjem sist i årets turnering.

 

Oddmar

Nygifte Oddmar Aklestad som storspelte i 2008 er diverre ikkje med på årets veteranlag. Han er vel på bryllaupsreise og har anna å tenke på :)

 

Coach Mourinho

I 2008 måtte Jørund Mourinho Walseth slepe på krykker og var coach for veteranlaget. I år er derimot Jørund å finne på bana, får me sjå ei eller fleire walseth-finter ?

 

Nokre andre ”Sæbølegender” me får sjå på Sæbø stadion i årets cup ?

Ja, for dei som fulgte Sæbø A-lag på 80 talet så vil superveteranane Lasse Sæbønes, Rolf Egil Riise og Roger Holen alle ta på seg veterandrakta i årets cup. Desse 3 med ein snittalder på bortimot 49 år og med til saman rundt 1500 A-kampar for Sæbø, bør være ein god nok grunn i seg sjølv til å heie på veteranlaget! Smurfen Riise skal i år være keeper for veteranlaget, og det at publikum får sjå att slike spelarar som gjennom ei årrekke har lagt ned ein imponerande innsats for Sæbø a-lag, er litt av sjarmen i det at veteranlaget stiller opp i Sæbøcup synes eg. I tillegg har me i år også med ein gjestespelar i voldingen Jon Backer Hjorthaug. Denne 38 åringen er etter rapportane godt trent, og vil dermed bidra til at veterantroppa har ein spanande miks av solide fotballnavn, og at troppa totalt sett ser sterkare ut enn i 2008.

 

BB-Trio 09

Desse 4 veteranane er alle i årets veterantropp: f.v Jens Arve Forbord, Alf Ole Aarseth, Lasse Sæbønes og Bjørn Ove "Colly" Strand. Alle er i stand til å skåre mål.

 

Henning

Henning Nydahl vert ein viktig brikke på årets veteranlag. Både i lufta og på bakken. Her skallar han ballen i tverrliggaren etter corner i 0-0 kampen mot Hovdebygda i 2008.

 

Alf Inge, kven trur du vil vinne årets Sæbøcup ?

Normalt sett så skal Ørsta være det beste laget. Men cup er cup og alle deltakande lag kan vel være i stand til å vinne på ei god helg, inkludert veteranlaget. Sæbø a-lag har også tradisjon for å gjere det godt i eigen cup, så eg forventar også god innsats frå vertane. Generelt så synes eg ikkje at dei lokale laga har imponert i seriespelet i år, med unntak av Hovdebygda. Så det hadde i grunnen vore fint å ”ta skalpen” til Emile under årets cup, he he. Me i veteranlaget likar å samanlikne oss med det spanske landslaget og etter kva som skjedde i VM så kan alt skje også Sæbø cup, også om me skulle tape åpningskampen :)

 

Du seier 16-manns tropp, er ikkje det i minste laget for eit veteranlag? Ein må vel forvente litt mannefall, (strekkskader o.l) i løpet av helga på såpass gamle kroppar ?

Hmm, ja troppa kunne kanskje ha telt eit par mann ekstra for sikkerheits skuld, men mange av dei som var med i 2008 er bortreist denne helga. Nokre fråflytta unghynar har også banka på veterandøra, og kunne tenke seg å spele for veteranlaget. Men der har me satt ned foten, skal ein få innpass på veteranlaget så må ein være tørr bak øyrene og minst ha fylt 30 år. Så desse vart rett og slett vegde og funne altfor lette. Me satsar på at treningsgrunnlaget er bra nok og at beina er friske også på søndagen. I årets lag er yngstemann Sverre Børge Hjorthaug på 35 år, og eldstemann Erik Brautaset på 55 år (han er i skrivande stund ikkje heilt klar enno)

Her er troppen (alder i parantes):

Lasse Sæbønes (50), Rolf Egil Riise (48), Roger Holen (48), Alf Ole Aarseth (45), Jens Arve Forbord (43), Henning Nydahl (41), Kenneth Nydahl (40), Bård Forbord (38), Jon Backer Hjorthaug (38), Kjell Johan Aarseth (37), Øyvind Taklo (37), Jørund Walseth (36), Bjørn Ove Strand (36), Ole Sunde (35), Sverre Børge Hjorthaug (35), Erik Brautaset (55).

 

Til slutt administrator, kva ligg til grunn for dette litt mystiske navnet; ”Alf Inge Slinning” ?

He he, godt spørsmål! Men svaret er i grunnen ganske enkelt. I 2007 var veteranlaget på tur til Førde, og komiteen måtte setjast under administrasjon på grunn av litt for slepphendt budsjettering. Same året hadde Ørsta A-lag vorte satt under administrasjon etter ein dårleg vårsesong, og ålesundaren Svein Slinning fekk oppgåva å rettleie Ørsta resten av sesongen. Derav etternavnet ”Slinning”. Fornavnet ”Alf Inge” kjem rett og slett frå yngre dagar på Sæbø. Kvar gong eg passerte Slettedalshjørnet fekk eg spørsmålet frå gode gamle Jon Slettedal; ”korleis går det med fotballen no Alf-Inge” ?

 

menotti

Kven er den mystiske Alf Inge Slinning ? Kan det være denne mannen ?

 

Takk for praten og lykke til i Sæbøcupen.

Tusen takk for det, og eg håper publikum møter opp og heier på veteranlaget!