Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

Ok, vêret var kanskje ikkje det aller beste i dag, skodda låg først på dagen tung rundt fjella våre, men etter kvart retta det meste seg.  Programleiar Dag Lindebjerg frå NRK Hordaland var i alle høve godt nøgde med det dei fekk filma i Hjørundfjorden i dag.

012b
Programleiar for NRK-serien om Norskekysten, Dag Lindbjerg, likar seg sikkert betre om bord på ein båt eller i eit trangt helikopter, men han var godt nøgd med det teamet hans fekk gjort i Hjørundfjorden i dag.

NRK hadde fått løyve til å lande med helikopter på Skårasalen, men den toppen var dekt av skodde tidlegare i dag då NRK-teamet var på Sæbø.  Heldigvis var Ørsta kommune velvillige og ordna det slik at helikopteret i staden kunne brukast frå Sæbønestuva og oppover mot Dalegubben  og dermed får vi etter kvart likevel sett film frå både fjord og fjell.

017b 019b
På foto til venstre ser vi filmfotograf Frode Fimland med eit kamera montert på ein handhalden gyro.  På foto til venstre ser vi flygar Sigurd  Pfeifer klar for oppdarg.  I baksetet ser vi Dag Lindebjerg.

Det er NRK-Hordaland som har teke på seg i filme frå heile norskekysten - heilt frå Grense Jakobselv til Halden.  Det er kyst og båt som er i sentrum, men det er ulike båtar som vert brukt. Og her i Hjørundfjorden er det altså M/S "Nybakk" frå Raudeberg ved Måløy som vert brukt.

001b
M/S "Nybakk" ved kai på Sæbø i dag.

002 026 (2)
M/S "Nybakk" er no eigd av ei stifting med sikkert ikkje alt for god økonomi. Slike karar som  Auden Nybakk er difor gode å ha.  Offisielt er han pensjonist, men no om sommaren er han  mannskap mest  på heiltid om bord på denne tidlegare fiskebåten.  På foto til høgre ser vi at M/S "Nybakk" og Hjørundfjorden vert filma frå helikopter.

Handhalden gyro er nemnt.  Gyro er ein reiskap som filmkamera vert montert på for å halde det i ro under vanskelege filmforhold, t.d. i helikopter og avansert filming av skikøyrarar ned frå bratte tindar.  Og her kjem Reidar Isaksen inn.  Han har ein slik gyro til utleige og i tillegg har han ein hurtiggåande båt - er det rib det heiter?   Huriggåande båtar er visst godt å ha når folk skal fraktast hit og dit på fjorden.

030b
Reidar Isaksen (t.v.) må berre orsake at kameraet mitt automatisk stiller seg skarpt inn på damer.  Beate Stock til venstre.

Her må det nemnast at Reidar er gift med underteikna sitt kjære syskenbarn Beate Stock, som hadde ein bestefar som var fødd og oppvaksen på Hustadneset. Og kanskje er det hjørundfjordingar som har sett Beate for ikkje lenge sidan - ho er til vanleg anestesisjukepleiar om bord på ambulansehelikopteret ved sjukehuset på Åse. 

Og kva gjer eit filmteam - og ein bonde som eigentleg skulle køyre gjødsel - når ein ventar? Teks eg ein tur på Hjørundfjorden i båt - sjølvsagt.

035b 050b
Ein hurtiggåande båt er kjekt å ha.  Båtførar er Per Erik Dahlen.  På foto til høgre ser vi Urke i bakgrunnen.

047b
Gøy på fjorden.  Til venstre Kristianne Stendal Lothe, så svigerson hennar Kristian Hesselberg og dotter Oline Hesselberg.  Bak til høgre skimtar vi flygar Tor Åge Bergly, flygar i Nord Helikopter.  Det var han som frakta ned sauer tilhøyrande Lasse Sæbønes sist haust.

056
Så får vi vente å sjå til utpå seinvinteren 2011 ein gong for å sjå kva filmfotograf og programleiar har fått festa til filmen - eller minnebrikka som det kanskje heiter no?

Og dagens mann på kaia var sjølvsagt...

007b
... hamnefogd Thomas Hustad

Programserien om norskekysten har eigen facebookprofil der vi snart også kan finne bilete frå Sæbø.  Klikk her.