Grøthaugen 5/7 2010

Vi møtte opp i tunet på Moane, klar til ein tur som ikkje så mange kjenner til, men som bør vere eit mål for fleire.

Grøthaugen 2010 001

Rett over attelega er det ei gammal kylne som høyrer Jakobgarden til.

Denne var til nedfalls og berre murane sto att, då tok kulturvernlaget tak i saka og sette den i stand att, dette var i 1998.

Eit lite stemningsbilde , Ann helene, Janneche, Kari, Helga, Roby, Frøydis, Lavin, Bodil, Fred og Bente.

Fotograf her var Ola.

Grøthaugen 2010 003

Vi var ikkje komne lenger enn opp i beitet, så måtte vi kaste jakkene for det var så varmt og "lummert"

Grøthaugen 2010 004

Å klivre over gjerdet kan vere ei lita utfordring, men ingen hang fast i piggtråden.

Grøthaugen 2010 005

Lita pause og litt drikke må til i sommarvarmen.

Grøthaugen 2010 008

Her er den einaste staden det er "farandes for folk" ned til elva for å fylle drikkeflaskene.

Grøthaugen 2010 007

Det ligg mykje snøv att i elva som ikkje har smelta, fonna og snøven har herja stygt somme stader, som forventa.

Grøthaugen 2010 009

Allereide halvegs er utsikta flott, her mot Sæbø og fjorden.

Grøthaugen 2010 012

Litt eksprimentering med fotografering, då vi endelig fann ein passande plass, eit passande tre og poitive villige posørar.

Grøthaugen 2010 013

Då flokken brasa oppover råsa flaug brått ei rype opp frå reiret sitt ein halvmeter frå råsa. Rypa skremde livskiten ta oss, men vi tok oss kjapt inn og det var rett kjekt å konstantere at der ligg fem egg i reiret.

Grøthaugen 2010 016

Vi kom oss opp på "toppen", Grøthaugen 495 moh.

Her er det tradisjonelle fellesbildet der alle elleve er samla.

Ann Helene, Frøydis, Kari, Bente, Ola, Lavin, Janneche, Helga, Roby, Bodil og Fred.

Den solide varden som vi bygde for to år sidan stend der traust, og boksa med boka i er festa på, ta deg ein tur då vel!

Du vil ikkje angre.

Takk for laget denne gong og minner om at neste måndagstur er Klokkura og Tryvatna.

VEL MØTT!