Ikkje ekstratur

For to år sidan vart det laga song til ferjemannskapet for å få dei til å ta ein ekstratur til Standal. I fjor vart det også lange køar på denne ruta. Dei gongane vart det ikkje ekstratur og mange måtte stå att på Trandal for å vente på neste ferje som går 4 timar seinare.

Rutekutt

Tidlegare har det vore oppsett i ruta med tur til Standal 15.30 frå Trandal, men denne ruta vart kutta, noko Trandalingane ikkje set like stor pris på. I sommarhalvåret er det mykje tilreisane til Trandal og mange av dei skal nettopp mot Ålesund.

"Vi fyller heile ferja vi"

I år vart det òg snakka med Fjord1 MRF, men denne gongen var det meir velvilje å hente. Skipperen på MF Halsa tok kontakt med Molde, der dei var fleksible og kom med lovnaden; Om de sorterar bilane på ferjekaia og klarer å fylle minst ei halv ferje til Standal så skal vi ta ein ekstratur. "Halve ferja? Nei vi fyller HEILE ferja vi!" sa Daniel Storeide frå Christian Gaard, og med dette var ekstraturen i boks.

Han spreidde den glade nyhenda og fekk sortert bilane slik som lova.

Ferjekø
Ferjekøa vaks og vaks. Her har ho komt opp i andre svingen, men det var
ikkje slutt der. Fleire bilar kom til og køa strekte seg nesten opp til tredje
svingen.

Til Standal

Bilistane køyrde ut på vegskuldra for å sleppe fram dei som skulle til Standal. Ferja kom og fekk med seg 26 bilar og 1 motorsykkel på denne turen.

 

Ferjekø

Trandalblues 2010

Dei fyrste bilane på veg ombord i
ferja til Standal.
Ferja er full og klar til avgang.

Sjølv om ferja tok med seg mykje av køa så stod det mange bilar og venta på å kome seg til Sæbø. Desse måtte etter vanleg rutetider ha venta her i 4 timar på neste ferje. Då hadde også denne ferja vorte så full at bilar hadde måtte stått igjen på land grunna dei som hadde utsett turen til neste avgang.

Til Sæbø

Folk venta på ferja, men det var ikkje spor av misnøye over at ferja vart ein del forseinka. Her var det berre gode ord og glade folk.

Ferjekø Ferjekø
Mykje bilar venta på ferja til Sæbø. Siste bilane plassert på dekk.

Endeleg hadde alle bilane komt seg ombord i ferja. Totalt 16 bilar vart det til Sæbø. Mesteparten av dette var store bobilar og campingvogner slik at ferja likevel vart full.

Totalt 42 bilar og ein motorsykkel vart frakta frå Trandal til Standal og Sæbø denne ettermiddagen, trass i at nokre allereie hadde reist på morgonrutene, og at nokre valde å vente til kvelden.

 

Takk til Fjord1 MRF

Rett skal vere rett. Fjord 1 MRF og mannskapet på M/F Halsa fortener ein stor takk for at dei på kort tid endra ruta, og på den måten fekk avverga situasjonen på Trandal slik at ingen vart ståande landtroll.

Ferjerutene for Hjørundfjorden m.m finn du på Fjord1 sine heimesider