Godveret siste helg fall saman med at bade- og fritidsplassen i Bøvika ved Norangsfjorden kunne takast i bruk. Entreprenør Asle Fivelstad var ferdig med jobben og det var mange som venta spent på resultatet. Leiar i Urke Grendalag, Eldrid Øye, seier ”Ver-så-god!” og ønskjer at dette området skal bli til glede for alle i bygdene og for gjester.

DSC01464

Dette biletet er frå rasteplassen i nord og viser strandområdet sørover.

Bøvika juni 09 001

Dette biletet vart teke ganske nøyaktig for eitt år sidan frå rasteplassen.  Ombygginga i Bøvika i året etter at dette biletet vart teke, ser ein godt ved å samanlikne med første biletet til denne artikkelen.

Bøvika har gjennomgått ei skikkeleg ansiktsløfting. Stranda er utvida mot aust og det er lagt sitjesteinar nedst mot stranda med steinsetting ovanfor. Ein bekk har fått regulert utløpet, der er trapper og gode skråningar som gjer stranda tilgjengeleg for alle. Ei steinsetting i sørdelen dannar ei lagune der finaste sanden er lagt på plass. Ei høveleg ballbane med små mål inviterer til ballspel. Idrettslaget på Urke har teke tak for å hjelpe til på denne delen av området. På opningsdagen siste laurdag kom ein etterlengta badeflåte, produsert av Aksel Stennes, på plass, slik at Bøvika no presenterer seg som eit attraktivt fritidsområde for heile Norangsfjorden.

DSC01463 

Den sørlegaste delen av området har finaste sanden. Steinane utanfor skal halde på sanden. Ballbana ligg i forlenginga av strandområdet. På andre sida av fjorden ser vi Stenes.

Det var mange blide ansikt å sjå i helga mellom både barn og voksne som kosa seg i Bøvika medan sola endeleg og bokstavleg kasta glans over opningsdagen.

I løpet av sommaren skal ein så plenfrø  på området bak steinsettingane og det skal innkjøpast gode maskiner til plenslått.

 DSC01462

Ei grasbane, eit mål og ein ball – og aktiviteten er i gang av seg sjøl…

Planlegginga av dette prosjektet starta i fjor vår i regi av Urke Grendalag i eit samarbeid med Norangdal Grendalag.  Grunneigarane Henrik Maude og Ann Karin Maude har vore positive til tiltaket. Det vart tidleg klart at ein ikkje kunne rekne med kommunal eller statleg medverknad, men måtte i staden satse på å få støtte frå ulike og anna hald.

Bjarne Klokks Legat er største bidragsytar. Bjarne oppretta dette legatet før han døde med tanke å kunne støtte positive tiltak i barndomsbygda. Andre viktige støttespelarar for dei to grendalaga har så langt vore Sparebanken 1, Urke Helselag, Urke Idrettslag, Ørsta Aktivum. I tillegg kjem eigenkapital frå dei to grendalaga. Ein søknad til Sparebanken Møre er under handsaming.

 

P1040356

Aksel Stennes var mannen bak denne badeflåten som til alle si overrasking vart lagt ut opningsdagen. Slik kan dugnadsånda fungere...

Det vil bli gjort tiltak for å få stoppe bruken rasteplassen til camping. Behovet vart tydeleg laurdag då ein utanlands bobil sto parkert midt på rasteplassen med bord og grill utanfor og stupebrettet for dei badande vart brukt til fiskeplass for bubilgjestane i fleire timar.

 DSC01459

Her ser vi stupebrettet, rasteplassen og den steinsette skråninga i nordenden av strandområdet. Ei steintrapp går frå sjøen til rasteplassen. Bobilturisten treng påminning med tydeleg skilting om av dette er ein kombinert rasteplass og badeplass – ikkje ein campingplass. Stupbrettet ser vi vert brukt til fiskekai.

Med tid og stunder vonar ein å få til ei toalettløysing slik det er innarbeidd i planen. Ørsta kommune har stilt krav om eit toalettprosjekt som omfattar det doble av dei kostnader som er kalkulert for heile utbygginga i Bøvika. Vedtaket er påklaga og før ein får medhald i ei rimelegare løysing, vert det ikkje toalett i Bøvika.

Foto:   Are Urke