Det er gode tider for oss som likar å sjå på kvalitetsfotball på skjermen.  Og når det er kamera over alt på dei ulike stadiona i Sør-Afrika får vi med oss det meste, også kven som skårar mål når dei står i offside - og det sjølv om vi ikkje kan offside-regelen.

Men det er ikkje berre nymotens grafikk som gjer at vi får med oss dette med offise.  Banene er også klipte i rette linjer slik at vi ser kven som står på rette sida av den usynlege streken.  Og kva har så dette å gjere med ei fin sommarhelg i Hjørundfjorden? Jau, eg kom til å tenkje på dette då eg i går kom til å sjå ned på den grøne fotballbana til Sæbø IL.  Tek eg ikkje heilt feil er det Bernt Arve Hustad som held fotballbana vår i særs god stand, men vi må vel få smile litt når vi samanliknar fargenyansane på denne fotballbana med VM-banene?

235 - Kopi
Klikk på fotoet og få det i stor utgåve.  Fotoet er nok oppskarpa i meste laget, men det gjer at detaljane kjem betre fram i det tross alt vakre sentrumet vårt.

Det var elles ei helg med mykje aktivitet i området.  Det var også andre båtar på fjorden enn ferja.

233 - Kopi
Fleire båtar på Sæbø-vika.  Kom dei frå Trandal-blues?

200 - Kopi
Gardbrukarane i dalen har ikkje lege på latsida siste veka.  Det ser vi om vi samanliknar dette biletet med biletet under...

168
...Dette fotoet vart teke for ei veke sidan frå Stokkehornet.  Her er enno mesteparten av graset uslege.

Som sagt har det vore mykje aktivitet denne helga - ikkje minst var det Trandal-blues der svært mange var tilstades.  Det hadde vore svært hyggeleg for oss alle om ein eller annan kunne ha skrive nokre ord om dette arrangementet og ikkje minst lagt ved eit par foto her på portalen.  Det er for gale at slike gode tiltak knapt vert nemnt med eitt ord her på hjorundjord.no.  Hugs at facebook.com på ingen måte er for alle slik som Hjørundfjordportalen.

Vi må heller ikkje gløyme det årevisse og flotte familiearrangementet Dalsvatnet rundt i Bjørdalen.  Personleg hadde eg tenkt meg ein tur dit med eit påfylgjande kafe-besøk på Strands bakeri, men når ei dotter i huset kravde fjelltur (kan de forstå det?) så vart det slik.

Men ein lite quiz må vi ha med.

Eitt av spørsmåla til konkurransen i Bjørdalen var slik:  Kva er ein Kvitel? Vi sender spørsmålet vidare til brukarane av hjorundfjord.no.

Dei tre første fotoa i denne artikkelen er teke frå same stad.  Kva for stad?