Etter ein ekte norsk frukost på hotellet, trakka vi i fotefaret til Slingsby i det som skulle syne seg å bli ein på alle måtar flott julidag. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvar ein skal gå, sidan heile ruta er godt synleg frå verandaen på hotellet. Starten går i slakt terreng, anten langs elva eller langs tydeleg sti, i retning mot Urbakken.

norangdal 016

Austegga ligg under skoddedotten om lag midt i biletet.

 

Etter ein liten kilometer tok vi skarpt venstre mot ein bratt grasbakke som leidde oss rett opp på nedste delen av sjølve austegga. Eit massivt åsyn av isbre og blankskura berg velta seg fram hundre meter under oss i det vi bikka over kanten. Kontrasten til det vegeterte terrenget vi kom frå, kjendest overveldande. Den første delen av egga byr på luftig, men enkel (og til dels vegetert) klatring. Urøynde bør sikre med tau her. Deretter legg egga seg og blir noko breiare, før ein igjen kjem inn i brattare og kvassare terreng. Fleire stader møter ein på større og mindre utfordringar, og mange passasjar er svært luftige. Vi hadde heile vegen direkte utsyn både mot toppen og attende til hotellet.

kvitegga 053

Etter ei stund fekk vi også eit glimt av Hjørundfjorden. Klyvinga er ikkje vanskeleg i seg sjølv, men det gjeld å finne den beste løysinga: rett på, til høgre mot den veldige nordveggen eller til venstre med den valdsame breen under?

kvitegga 020

Sidan fjellet var tørt og fint, valde vi å klyve usikra heilt til vi stod i det markerte skaret om lag 20 høgdemeter under fortoppen – Meraftanibba. Her reiser fjellveggen seg loddbein opp i om lag 10 meter. Slingsby ante uråd då han kom til dette punktet under førstebestigninga sommaren 1900. Rett på egga syntest å vere umogeleg, skodda tetta utsikta i alle retningar og retur ned egga var lite freistande.

kvitegga 078

Men som ved eit mirakel fann karane ei hylle som dei kunne traversere på inn i den steile nordveggen, og etter om lag 50 meter på denne kunne dei klyve ein skorstein opp på toppen. Sidan vår oppgåve var å reopne originalruta, valde vi same løysing. Direktevarianten synest å vere fullt mogleg med dagens sikringsutstyr, men det kan vere ein viss fare for å sprenge ut fjellet her. På same viset som følgjet til Slingsby, møtte også vi skodde i toppområdet. Men inn i mellom fekk vi eit flott utsyn mot den veldige breen på toppen av sjølve Kvitegga, som låg om lag 30 høgdemeter over oss.

kvitegga 094

Returen gjekk via steinur langs ryggen mot Urbakken, før vi øksa oss ned ei snødekt renne mot Fivelstadhaugen.

 kvitegga 121

kvitegga 137

Alle fotos: Helge Standal

 

Stig Helset, Helge Standal og Harald Kippenes

 

Sistnemnde driv selskapet Yourway, og vurderer å starte med føringsturar opp ruta – i tett samarbeid med Villa Norangdal. Til saman vil desse profesjonelle aktørane gje deg ei oppleving du seint vil gløyme!