Sikkerheita

Espen

Espen Skjåstad passar på.

Med eit slikt stort arrangement fylgjer også mykje ansvar og Røde Kors var på plass på Trandal med mykje ressursar denne helga. Saman med andre frivillige sørga dei for at folk fekk ei flott oppleving.

Ein kunne nesten ikkje håpe på betre vêr enn det vi fekk denne helga. Berre avbrote av eit par dropar vatn var det opplett heile tida.

 

Å kome seg til og frå Trandal...

Å kome seg til og frå ei bygd der ein må kome sjøvegen kjem sjølvsagt med utfordringar, difor har arrangørane arbeidd mykje med dette.

Skyssbåt vart sett opp der det trengdes. M/S Hjørundfjord hovudsakleg i skytteltrafikk mellom Sæbø - Trandal med nokre avstikkarar hit og dit, 62 grader nord frakta frå Ålesund og Vegsund. Ellers var ferga ein naturleg tilkomstmåte og mange nytta også denne.

Ein del tok like godt med seg eigen båt, og her gjaldt det å være ute i god tid for å få plass, Kreativiteten var stor og det vart sagt at folk tilogmed hadde teke med seg eigne utfar for å legge båtane sine i. Nokre ankra opp på utsida av hamna og andre på ledige plassar rundt om i bygda.

Dei som ikkje hadde båt tok gjerne med seg ei campingvogn, bobil eller telt, medan andre var innlosjerte her og der i bygda.

Trandalblues 2010

Eiga skyssbåtkai er godt å ha når så mange personar skal fraktast sjøvegen.
Her var det planlagt godt på førehand med både god skilting og fargekoding
av billettbanda.

 

Hovudscena

Ved hovudscena var det eit yrande folkeliv heile helga. Med ei spektakulær lyssetjing og ein imponerande lydkvalitet, for ikkje å snakke om ein imponerande musikk-kvalitet vart dette ei minnerik helg for dei frammøtte.

I løpet av helga var det mange artistar som spelte; Sunnmøre R&B Express, Reidar Larsen, Crank Bros, Old School Blues Revue, Woodleg Odd, Seatsniffers for å nemne nokre.

Trandalblues 2010
Røde Kors hadde sine folk utplasserte ved den store scena for å passe på
at alt gjekk rett føre seg.

Dansegolvet var fullt frå start til slutt og folk storkosa seg gjennom heile helga. For den som vart svolten var det råd å få seg ein matbit frå Grillbuda.

Trandalblues 2010 Trandalblues 2010 Trandalblues 2010
Eit yrande folkeliv tidleg... ... til seint på kveld I grillbuda laga dei mat til
alle som svalt.

 

Lødeblues

I løda var det Arne Moe frå Woodleg Odd som var vert. Her hadde han med seg mange gjesteartistar og sørga for topp stemning. Sjølvsagt var her eiga tappekran slik at folk slapp å forlate lokalet. I tillegg var det plassert ut fleire sofagrupper slik at folk kunne sitje behageleg.

Med flott lyssetjing og flinke artistar sørga Arne Moe for ein uforgløymeleg kveld for dei frammøtte.

Trandalblues 2010

 

Servering

Til saman 4 tappekraner var i full sving på Christian Gaard heile kvelden og bartenderane gjorde sitt beste for å dekkje etterspurnaden. Å servere over 1400 personar i løpet av ei helg er litt av ei utfordring sjølv med 4 tappekraner.

Trandalblues 2010 Trandalblues 2010 Trandalblues 2010
Ivonne Ekremsæter i full gang med å tappe øl til alle dei tørste kundane. I Vikingbaren var det òg jamnt med folk.
Maria Frøland og Hallbjørn Brekke laga mat til alle.

 

T-skjorte salg
Trandalbluesen hadde sjølvsagt eigen blues-shop.
Her fekk du kjøpt både årets og fjorårets t-skjorte og CD'ar.

Nokre nyttige linkar:

- Trandalblues
- Christian Gaard
- 62° NORD
- Hjørundfjord Fjordservice


TIPS: Trykk på bilda så får du opp stor versjon.

Alle bilete er tekne av Tor Eirik Trandal.