Her vil du kunne oppleve både ”Ambitions”, ”All of the time” og alle dei andre låtane dei presenterte gjennom Korslaget.

I tillegg vil koret presentere også fellessongar frå programma.

Team Simone har hausta flotte kritikkar for konsertar mellom anna på Ørsta Kulturhus, Studenthuset Rokken og no ikkje minst no under båttreffet på Ekornes.

Team Simone ”live” må berre opplevast!

Her vert det speleglede, humør og entusiasme.

 

CATY

Caty er merkenamnet eller logoen Cathrine Yksnøy nyttar når ho designer kle. Cathrine er ei ung, svært kreativ og allsidig kvinne busett i Hovdebygda.  Mellom anna er ho også blomsterdekoratør, men no brukar ho mesteparten av tida på kledesign.

CATY

Cathrine tek utgangspunkt i stoffbitar som fangar blikket hennar. Rundt dette designar ho plagg som passar akkurat til dette stoffet.

Kjolane henner er svært feminine i snittet og glade i fargane. Under Hjørundfjorddagane vil ho vise litt av kolleksjonen sin begge dagane og plagga er for sal.

 

Quilting.

I Ørsta har driv mange kvinner med quilting, eller lappeteknikk som er nesten det same.

Quilt

Etter slik eg forstår, vert lappeteknikk til quilting når kunstverket som er sett saman av lappar får eit bakstykket som vert festa ved hjelp av sting som går gjennom begge laga i eit planlagt mønster. Tek eg feil, vil nok medlemane av Ørsta quiltinglag forklare kva som er rett. Dei skal ha salsutstilling med mykje vakre bruks- og pynteting innan teknikken under Hjørundfjorddagane. 

Hjørundfjorddagane

Synnøve Rekkedal Hill