Først kom regnet, så kom laksen. Mykje tyder på at denne utsegna er sann. No på starten av laksesesongen er det nemleg tekne nokre laksar i Ørstaelva.  Svein Aam fekk fredag ein av dei - ein laks på 6,5 kg.

lses10b
Svein med årets første laks i Ørstaelva - ein fisk på 6,5 kg.

Svein meiner det er for tidleg å trekkje konklusjonar, men opning av årets sesong er i alle høve betre enn fjoråret.  I 2009 var det eit uttal med bomturar i Ørstaelva for Svein - han fekk ingen laks.

Men som nemnt er Svein ein svært så ivrig laksfefiskar.  Sjølv om sesongen opna så seint som 1. juni har Svein rokke å vitje både Eidselva og ei elv i Sunnfjord og ein laks - rett nok ein som har stede over - vart fiska i sistnemnde elv.  Men i morgon er det Hjørundfjorddagane som vert prioritert.

Han skal vere med i den viktige debatten "Kva skjer med villaksen?" saman med m.a. fleire stortingsrepresentantar.  For den som ynskjer villaksen eit godt liv er det viktig å få med seg denne diskusjoenen.  I tillegg vil Svein vere bokseljar på eigen stand.  Dei som enno ikkje har sikra seg den kritikarroste boka til journalist og forfattar Svein Aam, "Lakseeventyret", får kjøpt boka her - sjølvsagt med messerabatt.