Gunnar Heltne var kjentmann, og påsto at det er få stader snøen ligg lenger ned så seint. Det skulle vise seg at han hadde rett.

Vi var 6 stk som gjekk i lag. Alle godt vaksne med stor skilyst trass i langt framskriden vår.

Storhornet, Bjørke 037

Her tek ein av mot Hjortedalsetra. 5 km frå Grodås står skiltet.

Storhornet, Bjørke 036

Eg let fjellskoa vere i bilen. Som ein ser er det ikkje langt, ca. 15 min i flatt terreng å bere ski.

Storhornet, Bjørke 017

Her er det klar til start. Frå venstre: Jon Arild Magerøy, Ottar Pilskog, Aksel Molvær, Gunnar Heltne og Maria Sundal.

Storhornet, Bjørke 018

Her er det på med skia. Det er nok toppen av Storhornet vi ser i bakgrunnen.

Storhornet, Bjørke 020

Første pause er over. som ein ser er snøen temmeleg heil i det lavaste partiet også.

Storhornet, Bjørke 023

Aksel er eldstemann i fylgjet. Men vi traff Rolf Saure på turski ned frå toppen. Han er  72, og dermed 1 år yngre enn Aksel. Men turski i 1600 meters høgde er bra, spør du meg. Aksel har trass alt noko av det beste i handelen på føtene.

Storhornet, Bjørke 025

Maria har spildrande nytt randoneutstyr. Og skoa knip. Men ho får vite av Aksel at innerskoa skal inn i steikeomnen på 115 grader før ein tek dei på for inngåing.

Her ser ein toppen. Ingen smale renner. Perfekt for godt vaksne.

Storhornet, Bjørke 026

 Men skoa til Maria går seg til. Og for eit føre! Litt til høgre for hovudet til Maria ser ein Skåla. Og er ikkje det Lodalskåpa ein skimtar til venstre for henne? Ja så menn.Klikk på fotoet så ser du Kåpa godt.      God sikt er det i dag. Og vindstilt. Kor ein kan ha det!

Storhornet, Bjørke 028

Her er eg på toppen. God plass som ein ser. Her har eg vore før, men ikkje på ski. Første gongen gjekk me opp frå Tyssedalen og ned att Lauadalen. Flott det også, men ingeting er som ein vårskitur. foto: Ottar Pilskog.

Storhornet, Bjørke 027

Otolhornet nærast til høgre. Så ser ein Danmarkdalen kvit og fin, deretter Kjæringøyra, Skårasanden snødekt, og så Kvistadkjæringane og Skårasalen.

Bak Sanden skimtar ein Holmshornet og Sylvkallen.

Ingen eg har gått ilag med før har hatt så mange høgder på fjell i haudet som Gunnar Heltne. Men så har han utallige turar til fots og i helikopter til alle fjell i området for oppmåling. Han har jobba i det som no heiter Statens kartverk i 20 sesongar.

Storhornet, Bjørke 030

Her ser ein ned til Sjåstad og vegen til Sledalen opp til høgre. Rolf Saure åtvara oss mot snøskavl så det vart ingen bilete  andre vegen. Det har eg frå første turen.

Storhornet, Bjørke 032

Her er det samling og begeistring over  fantastiske forhold etter første del av nedkjøyringa. f.v. Aksel Molvær, Jon Arild Magerøy, Gunnar Heltne, Ottar Pilskog og Maria Sundal. Høgde 1600 bak. Den snaude sida til venstre går ned i Lauadalen. Fint å renne ned der også. Men så er det bratt og tøya ned til Raustad.

Storhornet, Bjørke 034

Ned over Blåbreden vart det blautt, for det leid langt på dag.

Storhornet, Bjørke 035

Det er ikkje akkurat mjellsnø som ryk frå skia til Aksel. Han var den einaste som smurde, men det lugga likevel i nedste delen.

Storhornet, Bjørke 021

Her er ingen dramatiske renner og bratte heng, men turen var ei positiv oppleving. Og kan sikkert nytast denne helga, (Hjørundfjorddagane) også. Men det løner seg nok å vere tidleg ute! Den slår i alle høve turen til Kyrkjefjellet, etter mi meining.