I dag har alle fire laga på Barneidretten på Sæbø vore i Ørsta på Kiwi cup.

Dei yngste starta kl 10 mot Ørsta. Det vart ein kamp med mange mål - og eg trur det fall til Sæbø sin fordel.
God stemning sjølv om det vart våtare og våtare.
Andre kampen var også mot eit Ørsta lag, jamn speling også her. Tredje og siste kampen var mot Volda, som også var jamn.
Alle var slitne og våte då så det gjorde godt for dei som kunne avslutte dagen sin då.
Mykje god speling av fyste klassingane våra !

 

2 klassingane, Gutar 2002 starta dagen sin 10:30 og gjekk då i kamp mot Ørsta2. Kampen etter var mot Ørsta1 før dei hadde ein lang pause til 13:30 og spelte siste kampen mot Vartdal. I siste kampen fekk dei hjelp av Synne og Ingrid Elise på slutten.

 Bilde 044 SæbøVartdal OK

 

Så scora dei mål :) Thea Karin jublar !

 Bilde 052 Scoring  OK

 

Ein glad trenar for 2 klassngane :)

Bilde 053 Glad trener OK

 

Ein sliten og fornøgde gjeng med flotte pokalar :)

Tor-Eivind,Johan,Andreas og Jo-Martin bakerst. Karoline og Thea-Karin i midten og Marcus fremst.

Bilde 070 2 kl lagbilde OK

 

 Gutar 00 spelte sine tre kampar mot Ørsta2, Volda2 og mot HIL/MIL.  Dei kjempa tappert mot Ørsta, spelte jamnare mot dei to andre laga. Dei fekk god hjelp av Maria, Madeleine og Markus.  Har desverre ingen bilder frå desse kampane.

 

 Jenter 00 var i kampar frå kl 13:00.

Dei spelte fyst mot Hødd,

Bilde 035

Takka fint for kampen slik me alltid gjer

 Bilde 042

 Så mot Ørsta

 Bilde 087 Thea K OK

før dei spelte siste kampen mot Volda. Nysnøen i fjella gav litt ekstra sommarstemning.

Bilde 105

Dei passa på og halde varmen

Bilde 111 stol OK

Det var veldig kjekt å vinne mot Volda, velfortjent slutt på dagen for jentene!

Bilde 124

Her er Elen, Ingalena,Julie,Madeleine, Ingeborg, Monika og Odd Rune bakerst.

Ingrid Elise, Synne og Thea-Karoline - og Maria fremst.

  Sjølv om været ikkje var av den lyse og lette sorten så har me hatt ei fin dag i Ørsta og er godt fornøgde med arrangørane :) 

Og kjempeinnsats av spelerane våra !! Trass i at alt var vått og kaldt så stod dei på - Heia Sæbø !!